Cavan
| Cavan | ||
|---|---|---|
| Church of Ireland (til venstre) og Cathredal of St. Patrick and Felim (til høgre) i Cavan. | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land Provins Grevskap |
Ulster County Cavan |
|
| Geografi | ||
| Flatevidd - By |
km² |
|
| Innbyggjarar - Totalt (2006) - Storbyområde |
3 954 8 750 |
|
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Høgd over havet | 113 m | |
| Diverse annan informasjon | ||
| Heimeside: www.cavanudc.ie | ||
Cavan (irsk An Cabán, tyder «Botnen») er ein by i Republikken Irland. Han er det administrative senteret i County Cavan og ligg nordaust i landet, ikkje langt frå grensa til Nord-Irland.
Mot slutten av 1800-talet vart byen eit jernbaneknutepunkt. I dag er stasjonen nedlagd, men byen har klart å halde på mykje av industrien. Cavan har òg nytt godt av fleire investeringsprogram som har trekt ny industri til byen.
Historie [endre]
O'Reilly-familien reiste eit slott i byen mot slutten av 1200-talet. Omtrent på same tid vart det oppretta eit fransiskanarkloster i området. På 1400-talet oppretta så Owen O'Reilly eit marked på staden, som trekte kjøpmenn frå Dublin og Drogheda. Byen fekk byrettar av Jakob I av England i 1610.
På byrjinga av 1800-talet kontrollerte Farnham-familien store delar av byen, og la ei ny, brei hovudgate som framleis har namn etter familien. Farnham House nordvest for byen er eit av dei største privathusa i grevskapet. Det vart truleg bygd i 1810, og vart teikna av Francis Johnston frå Dublin. I seinare tid er huset vorte ombygd til luksushotell.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelde [endre]
- Denne artikkelen er basert på ei omsetjing av artikkelen Cavan frå Engelsk Wikipedia .