CeBIT

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jimmy Wales 2014 on CeBIT Global Conferences, Wikipedia Zero

CeBIT er ei datamesse som blir arrangert årleg i Hannover. Tidlegare var datamessa ein del av den generelle Hannover Messe, men frå 1986 har CeBIT vore eit eige arrangement. Namnet kjem frå "Centrum für Büro und InformationsTechnik"

CeBIT blir arrangert av Deutsche Messe AG, som òg arrangerer dei andre messene i Hannover Messegelände.

Den første CeBIT-messa hadde om lag 2100 utstillarar og 334 000 besøkjande, i 1995 var det rundt 6100 utstillarar og 755 000 besøkjande. Andelen "ikkje-profesjonelle" besøkjande var da nærare 30%, og etter dette starta CeBIT med ei re-profesjonalisering.

Dette førte til at besøkstala gjekk ned, men CeBIT fekk stadig betre ry som den leiande IT-messa i verda. I 2008 var talet på utstillarar over 5800 og det var nær ein halv million besøkjande.

Rundt 80% av dei som besøkjer messa, kjem frå Tyskland.

Det blir òg arrangert CeBIT-messer i Istanbul, i Shanghai og i Sydney.