Ceahlăumassivet
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ceahlăumassivet er ein av dei mest kjende fjellkjedene i Romania. Ho ligg i Dei austlege Karpatane i Neamţ fylke i regionen Moldavia. Dei to største toppane er Toaca (1904 moh) og Ocolaşul Mare (1907 moh). Ho grenser i aust til elva Bistriţa og Bicazsjøen og i sør til Bicazelva.
Sør for fjellkjeda ligg byen Bicaz. I nord kan ein òg nå Ceahlău frå Durău.
Det er mange segner knytt til Ceahlăumassivet, og på grunn av dette vert det stundom kalla «Den rumenske Olympos (Ólymbos)».
[endre] Natur
Ceahlău nasjonalpark vernar dyre- og plantelivet i fjellet. Nokre av artane er endemiske eller sjeldne andre stader i Romania. Inngangen til nasjonalparken er ved landsbyen Izvorul Muntelui, 12 km nordaust for Bicaz.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Ceahlău Massif» frå Wikipedia på engelsk, den 1. juli 2008.