Cecilia Brækhus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cecilia Brækhus

Cecilia Brækhus (fødd 28. september 1981) er ein norsk profesjonell boksar og tidlegare kickboksar. Ho er regjerande verdsmeister i boksing i weltervekt (63,5-66,7 kg) i organisasjonane World Boxing Association (WBA), World Boxing Council (WBC) og World Boxing Organization (WBO). Ho er fødd i Cartagena i Colombia, men vart adoptert og er oppvaksen og busett i Bergen.

Brækhus er tilknytta den tyske boksepromotøren Sauerland Event. Som profesjonell boksar har ho resultata 18-0-0, det vil seia at ho har vunne 18 kampar og enno ikkje tapt eller gått ein uavgjort kamp. Fire av kampane har enda med knockout.

Oppvekst og tidleg karriere[endre | endre wikiteksten]

Cecilia Brækhus starta med kickboksing då ho var 14 år. Ho vart i 2003 europameister og verdsmeister i kickboksing. Etter dette byrja ho med boksing, fordi ho ynskte å kunna delta i Dei olympiske leikane.

I 2004 tok Brækhus sølvmedalje i 63 kg-klassen i Europameisterskapen i amatørboksing, der ho vart slått av Vinni Skovgaard frå Danmark i finalen. I mars 2005 vart ho noregsmeister i boksing i 75 kg-klassen, to månader seinare vart ho europameister i 63 kg-klassen.

I Verdsmeisterskapen i amatørboksing i 2005 fekk ho sølv etter å ha tapt mot Julya Nemtsova frå Russland. I denne meisterskapen slo ho Vinni Skovgaard. Ho heldt fram med å kiva med Skovgaard om å vera den beste kvinnelege boksaren i Norden, og vann nordisk meisterskap i 2006 etter å ha slått henne i finalen.

Ho gjekk til saman 80 kampar som amatørboksar, og vann 75 av dei.

Profesjonell boksing[endre | endre wikiteksten]

I januar 2007 hadde Brækhus sin første profesjonelle boksekamp, som gjekk føre seg i Basel i Sveits. Ho gjekk fire rundar mot Ksenija Koprek frå Ukraina, og vann ved samrøystes dommaravgjerd. I februar gjekk ho mot Jana Matisova frå Slovakia, som ho slo på knockout. I mai gjekk ho fire rundar mot Olga Bojare frå Latvia, og vann med samrøystes dommaravgjerd. I juni gjekk ho ein kamp på seks rundar mot Borislava Goranova frå Bulgaria, og vann med samrøystes dommaravgjerd.

Hausten 2007 tok Brækhus ein pause frå boksinga, før ho kom attende fire månader seinare og skreiv kontrakt med Sauerland Event i Tyskland. Hjå Sauerland vert ho trena av Ulli Wegner. Frå ho starta å jobba med Sauerland har ho brukt kunstnarnamnet «First Lady».

I januar 2008 vann Brækhus over Wanda Pena Ozuna frå Den dominikanske republikkenteknisk knockout. I mars vann ho etter seks rundar mot Tatjana Dieckman frå Tyskland. 17. mai 2008 vann ho etter seks rundar mot Adelita Irizarry frå Sambandsstatane. I juni vann ho ein noko jamnare kamp mot Nicole Woods frå Sambandsstatane. Denne kampen varte òg i seks rundar, og ho vann med samrøystes dommaravgjerd. I september vann ho etter åtte rundar mot Kimberly Harris frå Sambandsstatane. I oktober var ho attende i Europa att, og vann nok ein kamp mot Borislava Goranova.

14. mars 2009 gjekk Brækhus den første tittelkampen sin som proffboksar. Etter ti rundar mot Vinni Skovgaard i Kiel i Tyskland vart Brækhus utropt til vinnar, og fekk WBA- og WBC-titlane i weltervekt. Ho vart med det den første nordmannen som har vorte verdsmeister i eitt av dei store proffbokseforbunda.

I mai 2009 forsvarte ho titlane sine for første gong, mot Amy Yuratovac frå Sambandsstatane. I september gjekk ho mot Lucia Morelli frå Italia. Begge kampane vann ho på poeng, med samrøystes dommaravgjerd.

15. mai 2010 gjekk ho mot Victoria Cisneros, som var regjerande weltervektmeister i WBO. Kampen gjekk føre seg i Danmark. Brækhus vann klårt etter ti rundar i ein relativt enkel kamp.[1]

30. oktober 2010 møtte Brækhus den svenske boksaren Mikaela Laurén i Rostock i Tyskland, i det som var venta å vera Brækhus sin så langt hardaste kamp. Brækhus vann på knockout i sjuande runden, og vart med dette den første som sigra over Laurén i ein proffkamp. 20. november forsvarte ho titlane sine igjen, med knockout i tredje runde mot Eva Halasi. 2. april 2011 slo ho Jill Emery og 7. mai slo ho Chevelle Hallback, begge med samrøystes dommaravgjerd. Brækhus sa etter kampen mot veteranen Hallback at dette var den tøffaste kampen ho hadde gått. [2].

Heider[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2011 vart ho den første norske boksaren etter Svein-Erik «Spiker'n» Paulsen som fekk spalteplass i det verdskjende boksebladet The Ring Magazine [3].

I desember same året vart ho tildelt «Folkets idrettspris» av Dagbladet. [4]

Merittlista[endre | endre wikiteksten]

Kickboksing (semi-kontakt)[endre | endre wikiteksten]

  • Verdsmeister
  • Europameister
  • Noregsmeister 3 gonger

Amatørboksing[endre | endre wikiteksten]

  • Sølvmedalje i Europameisterskapen i 2004
  • Sølvmedalje i Verdsmeisterskapen i 2005
  • Europameister i 2005

Proffboksing[endre | endre wikiteksten]

  • WBA-meister sidan 2009
  • WBC-meister sidan 2009
  • WBO-meister sidan 2010

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]