Cecilie

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Cecilia og Cecilie er kvinnenamn avleidd frå det latinske Caecilia, hokjønnsforma av slektsnamnet Caecilius. Slektsnamnet er igjen danna av det latinske adjektivet caecus, 'blind'. Namnet er utbreidd i den kristne verda på grunn av den populære helgenen Cecilia, og har også vore mykje brukt blant europeiske kongelege. Cecilie har norsk namnedag den 22. november.

Namna finst med ei rekke skrivemåtar, som Cecillie, Cæcilie, Sesilie, Cesilie og Secilie, og med a-endingar på desse. Den franske forma av namnet er Cécile og den engelske Cecily. Namna har ei rekke kortformer, som Silje, Sissel, Celia, Sheila, Silke og Zilla.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Namnet kom til Noreg på 900-talet, og blei vanleg rundt 1300-talet. Bruken av Cecilie tok til å veksa i Noreg på 1950-talet, og voks til over 0,9 % ved byrjinga av 1970-talet. Bruken har deretter gått nokså jamnt nedover.

I 2008 var det 8194 norske kvinner som heitte Cecilie, 559 som heitte Cecila og 225 som heitte Cesilie.

Kjende namneberarar[endre | endre wikiteksten]

Cecilie Enger
Foto: Jarle Vines

Kjelder[endre | endre wikiteksten]