Celeste Holm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Celeste Holm
Celeste Holm in All About Eve trailer.jpg
I filmen Alt om Eva frå 1950.
Fødd 29. april 1917, USA New York i delstaten New York
Død 15. juli 2012 (95 år)[1]
Ektefelle Ralph Nelson (1938–1939)
Francis Davies (1940–1942)
A. Schuyler Dunning (1946–1952)
Wesley Addy (1961–1996)
Frank Basile (2004–)
Far Theodor Holm


Celeste Holm (fødd 29.april 1917 i New York i delstaten New York, død 15. juli 2012) var ei amerikansk skodespelarinne med norske røter.

Holm var einebarn, og faren var Theodor Holm, ein forsikringsmann som voks opp på Hå gamle prestegardJæren, men som i ung alder emigrerte til USA. Ho gjekk på skule i Nederland, Frankrike og USA, og tok song- og ballettimar som barn. Ho studerte drama ved University of Chicago og debuterte på scena som 17-åring. Holm debuterte på Broadway i 1938 og hadde stor suksess i 1942 i rolla som «Ado Annie» i musikalen Oklahoma. Ho debuterte på film i 1946, og året etter vann ho Oscar for beste kvinnelege birolle for rolla si som «Anne» i filmen Mellom gentlemenn. Holm har vorte Oscar-nominert tre gonger og har også opptredd på TV, scene og nattklubbar. Ho engasjerte seg for sosial rettferd i mange år som talskvinne for UNICEF. Holm har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame.

I 1979 vart Holm utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for å ha fremja norsk kultur i USA.[2]

Holm gifta seg for femte gong på 87-årsdagen sin med den 41-årige operasongaren Frank Basile.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Den norskættede skuespillerinnen Celeste Holm er død, ABC Nyheter 15. juli 2012
  2. «Ridder av St. Olav», Aftenposten, morgonutgåva, 21. mai 1979, s. 10.


Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Celeste Holm