Celje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Celje
Utsyn frå Celje borg mot nordvest i 2004
Utsyn frå Celje borg mot nordvest i 2004
Plassering
Celje is located in Slovenia
Styresmakter
Land Flag of Slovenia.svg Slovenia
Borgarmeister Bojan Šrot
Geografi
Flatevidd
 - By

94,9 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2002)
   - folketettleik

48 081
  506,6 /km²
Koordinatar 46°14′0″N 15°16′0″EKoordinatar: 46°14′0″N 15°16′0″E
Høgd over havet 241 moh
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 3000
Retningsnummer (tlf) (+386) 03
Bilnummer CE
Nettstad: www.celje.si

Celje (tysk Cilli; ungarsk Cille) er den tredje største byen i Slovenia med opp under 50 000 innbyggjarar. Han er regionssenter i Nedre Steiermark og det administrative senteret i kommunen med same namn. Celje ligg nedanfor Celje borg der elvane Savinja (tysk Sann), Ložnica og Voglajna renn saman.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Cilli, Georg Matthäus Vischer, Topographia Ducatus Stiriae, Graz 1681

Den første kjende busetnaden i området rundt Celje dukka opp under Hallstatt-kulturen. Då keltarane budde her vart busetnaden kalla Kelea. Keltarane prega myntar i området.

Då området vart innlemma i Romarriket vart byen kalla Civitas Celeia. Han fekk byretta i år 46 e.Kr. som municipium Claudia Celeia under regjeringstida til keisar Claudius (41-54). I følgje skriftlege kjelder var byen velståande og tett folkesett med murar og tårn, mange marmorpalass, vide plassar og gater. Han vart kalla Troia secunda, eller den andre eller vesle Troja. Ein romersk veg gjekk gjennom Celeia frå Aquileia til Pannonia. Celeia vart raskt ein av dei mest velståande romerske koloniane og hadde mange flotte byggverk. Tempelet til Mars var kjend gjennom heile riket. Celeia vart ein del av Romarriket i lag med Aquileia om lag 320 e.Kr. under keisar Konstantin den store.

Byen vart herja av slavarar under folkevandringstida på 400- og 500-talet, men vart bygd opp att i tidleg mellomalder. I mellomalderen vart han først nemnd som Cylie i krønika til Admont, som vart skriven mellom 1122 og 1137.

Byen vart sete for grevane av Celje frå 1341 til 1456. Han fekk status som marknadsby på første halvdel av 1300-talet og byrettar frå grev Fredrik II den 11. april 1451.

Gosposkagata med domkyrkja i bakgrunnen

Etter at grevane i Celje døydde ut i 1456 gjekk regionen i arv til det habsburgske Austerrike og vart ein del av hertugdømet Steiermark. Bymurane og ei vollgrav vart bygd i 1473. Mange lokale adelsmenn konverterte til protestantismen under reformasjonen, men regionen konverterte tilbake til den romersk-katolske kyrkja under motreformasjonen. Celje vart ein del av Det austerrikske riket under napoleonskrigane, og i 1867 ein del av Austerrike-Ungarn.

Det første toget, langs linja mellom Wien og Trieste, kom til Celje 27. april 1846. I 1895 starta den vidaregåande skulen i Celje å nytte slovensk.

Mot slutten av 1800-talet og tidleg på 1900-talet var Celje eit sterkt senter for tysk nasjonalisme mot slovenarane. I 1910 var 66,8 % av innbyggjarane etniske tyskarar. Eit symbol på dette var det tyske kultursenteret (tysk Deutsches Haus) som vart bygd i 1906. I dag er dette Celjehallen. Nasjonalhallen, som fungerer som rådhus i dag, vart bygd i 1896. I 1902 vart den første telefonen installert i byen og han fekk elektrisk straum i 1913.

Den slovenske og tyske nasjonalismen auka på 1800- og tidleg på 1900-talet. Då Austerrike-Ungarn kollapsa i 1918 etter den første verdskrigen, vart Celje ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (seinare Jugoslavia). I denne perioden opplevde byen ei rask industrialisering og folketalet voks raskt.

Celje vart okkupert av Tyskland i april 1941. Gestapo kom til Celje 16. april 1941 og nokre dagar seinare vitja Heinrich Himmler. Byen vart bombardert av dei allierte, som gjekk for viktige kommunikasjonslinjer og militære installasjonar. Nasjonalhallen vart hardt råka.

Etter krigen var over vart den gjenverande tyske folkesetnaden i byen kasta ut. Det nye kommuniststyret nytta grøftene som vart grave ut som vern mot stridsvogner under krigen som massegraver. Desse vart fyllt med kroatar, serbarar og slovenarar som hadde samarbeidd med tyskarane under krigen, samt sivile som hadde gått imot partisanane eller kommunistopprøret under krigen. Den jugoslaviske folkearmeen avretta meir enn 80 000 menneske, hovudsakleg kroatar, tyskarar og slovenarar, i Celje-området. Alle vart gravlagd i massegraver og det eksakte talet er ikkje kjend. Eit tog med sivile tyskarar frå Rann-området, vart stoppa nær Celje 5. august 1945 og plasserte i ein konsentrasjonsleir ved Teharje. Etter at leiren vart lagt ned i 1950 vart det bygd eit industriell avfallsplass over området for å skjule spora etter ugjeringane. I 1970-åra, 30 år etter krigen var over, bygde dei lokale styresmaktene barnehagar, skular, bustadblokker, hallar og andre bygg over dei gamle massegravene. I 1991, då Slovenia fekk sjølvstende, valde regjeringa å bygge eit minnesmerke over dei falne i Teharje.

I 2006 vart Celje sete i det nye bispedømet Celje, som vart oppretta av pave Benedikt XVI.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Celje