Cellared in Canada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vin merkt med «Cellared in Canada» kan bli seld i kanadiske vinbutikkar som lokal, innanlandsk vin sjølv om den i hovudsak kan vere laga av utanlandske druer.

Cellared in Canada ('Tappa i Canada') er ei nemning nytta til å merke kanadisk vin som er produsert med varerande mengde kanadisk og utanlandsk bulkvin. Desse vinane er ofte seld i statlege alkoholutsal i hyllene merkte som kanadisk vin. I British Columbia kan vin merkt Cellared in Canada vere produsert av 100 prosent utanlandsk innhald frå druer dyrka i Washington State, California, Sør-Afrika,[1] Argentina og Chile.[2] I Ontario kan ikkje vin merkt med Cellared in Canada bli produsert frå ei blanding med meir enn 70 prosent innhald med utanlandsk opphav og ein mindre del vin frå Ontario.[3][4] Den einaste indikasjonen på det geografiske opphavet finn ein på baksida av flaska. Anna tillaten merking er «Product of Canada» ('kanadisk produkt') og «Vinted in Canada» ('Vin laga i Canada').

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. G. Hamiliton "Sale of cheap imports as B.C. wines called 'scandalous'" National Post Vancouver Sun, September 20th, 2009.
  2. K. Ejbich "Protest Mounts Over 'Cellared in Canada' Wines" Wine Spectator, August 28, 2009.
  3. Grape Growers of Ontario
  4. Ontario Wine Producers Association.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]