Cellosuitar av Bach

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Den første sida frå manuskriptet til Anna Magdalena Bach av Suite No. 1 i G-dur, BWV 1007

Seks suitar for cello av Johann Sebastian Bach vert rekna som nokre av dei største verka nokon gong skriven for solocello.[1] Dei vart mest truleg komponert i perioden 1717–1723, då Bach tente som kapellmeister i Köthen.

Suitane inneheld mange tekniske verkemiddel, ei stor kjenslemessig variasjon og nokre av Bachs mest uimotståelege stemmesamspel.

Nyare forsking har indikert at suitane ikkje vart skriven for den vanlege celloen, som vert spelt mellom beina (da gamba), men i staden som ein fiolin, på skuldra (da spalla). Sigiswald Kuijken og Ryo Terakado har begge spelt inn alle suitane på dette instrumentet, i dag kjend som fiolonsell da spalla.[2][3]

Suitane er transkribert for mange instrument, mellom anna fiolin, bratsj, kontrabass, gambe, mandolin, piano, marimba, klassisk gitar, blokkfløyte, valthorn, saksofon, bassklarinett, fagott, trompet, trombone, eufonium og tuba.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tittelsida på Anna Magdalena Bachs manuskript

Ein kjenner ikkje til kva rekkefølgje suitane vart komponerte i, eller om dei vart komponert før eller etter solofiolinsonatane.

Suitane vart ikkje særleg kjende før på 1900-talet og ein trudde lenge at stykka var meint som etydar. Etter å ha oppdaga Grützmacher sin kopi i ein brukthandlar i Barcelona i Spania, byrja den 13 år gamle Pablo Casals å studere dei. Sjølv om han seinare framførte verka offentleg, var det først i 1925, 48 år gammal, at han gjekk med på å spele inn alle seks suitane. Dei vart raskt populære etter dette.

I motsetnad til Bachs fiolinsonatar finst det ikkje signerte manuskript av cellosonatane i dag, men handskrivne kopiar av den andre kona til Bach, Anna Magdalena, har produsert det ein meiner må vere autentiske utgåver, men mangelen på bindeboger og andre artikulasjonar har gjort at det likevel finst mange tolkingar.

Suitane[endre | endre wikiteksten]

Suitane er i seks satsar kvar og har den følgjande strukturen og rekkefølgje:

  1. Preludium
  2. Allemande
  3. Courante
  4. Sarabande
  5. Galanteri – (Menuettar for Suite 1 og 2, bourréear for 3 og 4, gavottar for 5 og 6)
  6. Gigue

Suite No. 1 i G-dur, BWV 1007[endre | endre wikiteksten]

Preludiet, som hovudsakleg består av akkordar spelt som arpeggio, er truleg den mest kjende satsen av alle suitane og er ofte å høyre på fjernsyn og i filmar. Den andre menuetten er ein av berre tolv satsar i dei seks suitane som ikkje inneheld akkordar, bortsett frå i den siste takten (takt 42). Dei fleste studentar startar med denne suiten sidan han vert rekna som enklare å spele enn dei andre, som krev meir teknikk.

Suite No. 2 i D-moll, BWV 1008[endre | endre wikiteksten]

Preludiet består av to delar, den første har eit gjentakande tema som vert introdusert heilt frå starten. Den andre delen er ein skalabasert kadens som fører fram til finalen med kraftfulle akkordar. Den påfølgjande allemanden inneheld korte kadensar som går bort frå denne elles særs strenge danseforma. Den første menuetten inneheld krevjande akkordskifte og strengepassasjar.

Suite No. 3 i C-dur, BWV 1009[endre | endre wikiteksten]

Preludiet i denne suiten består av ei A-B-A-C-form, der A er ein skalabasert sats, som glir over i ein energisk arpeggio-del, og B, der cellisten vert introdusert for tommelposisjonen, som må til å for å nå dei krevjande akkordane. Han går så attende til skalatemaet og endar med ein kraftfull og overraskande akkorddel.

Allemanden er den einaste satsen i suitane som har ein opptakt som består av tre sekstandedelsnotar i staden for berre ein, som er det vanlege.

Suite No. 4 i Ess-dur, BWV 1010[endre | endre wikiteksten]

Suite No. 4 er den teknisk mest krevjande av alle suitane, sidan Ess er ein ukomfortable nøkkel å spele i på ein cello. Preludiet består hovudsakleg av vanskelege flytande åttandedelsnotar som gjev rom for ein kadens, før han går attande til det opphavlege temaet.

Den særs fredlege sarabanden er ganske uvanleg med eit spent andreslag, som er det vanlege i denne 3/4-dansen, sidan denne sarabanden nesten alltid startar førsteslaget med ein akkord, og det andre slaget nesten alltid er utan.

Suite No. 5 i c-moll, BWV 1011[endre | endre wikiteksten]

Suite No. 5 opphavleg skriven i scordatura med A-strengen stemd ned til G, men i dag finst det ein versjon for standardstemming i nesten alle utgåver av suitane. Somme akkordar må forenklast når ein speler med standardstemming, men somme melodilinjer vert òg enklare.

Preludiet er skriven i A-B-form og er ein ouverture. Han startar sakte og utforskar det djupe registeret på celloen. Etter det kjem ein rask og særs krevjande enkellinja fuge som fører til ein kraftfull avslutting.

Denne suiten er mest kjend for den intime sarabanden, som Yo-Yo Ma spelte 11. september 2002 på staden der World Trade Center stod, medan namna til dei som omkom vart lest opp.

Suite No. 6 i D-dur, BWV 1012[endre | endre wikiteksten]

Ein trur at den sjette suiten vart komponert for femstrenga fiolonsell piccolo, ein mindre cello, om lag 7/8 av ein normal cello med ein femte øvre streng stemd i E.

Cellistar som prøver å spele stykket på ein moderne firestrengs cello for problem når dei må opp i særs høge tonar, men mange moderne cellistar spelar likevel ofte suiten slik.

Suiten er skriven i ein mykje friare form enn dei andre og inneheld kadens-liknande satsar og virtuose passasjar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]