Cellular-fengselet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cellular-fengselet.
Foto: Biswarup Ganguly
Andaman Celluler Jail Corridor 4150239.JPG

Cellular-fengselet eller Kala Pani er eit tidlegare fengsel, no eit indisk nasjonalt minnesmerke, i Port BlairAndamanøyane.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Det engelske namnet på fengselet er Cellular Jail, og viser til isolasjonscellene fangane sat i her. Indarar kjente fengselet som Kālā-pānī (काला पानी क़ैद ख़ाना), hindi for 'svart vatn', noko som viste til det djupe vatnet ein siglde over for å koma til Andamanøyane. For mange hinduar kunne ei slik reise også føra til at dei tapte kasten sin.

Soge[endre | endre wikiteksten]

Sjølve fengselet blei bygd frå 1896 til det stod ferdig i1906. Øyane hadde også tidlegare vore brukt til å senda indiske fangar i eksil, til dømes i etterkant av det indiske opprøret i 1857. Også vanlege kriminelle blei sende hit. Dei blei haldne i opne fengsel og brukte som arbeidskraft til å rydda og driva øyane. Etter 1906 blei framståande indiske fridomsforkjemparar sende til Cellularfengselet, særleg frå Bengal. Dei var organiserte, kjempa for sjølvstende med ord og vald, og var sett på som særs farlege av kolonimakta.

Cellularfengselet hadde til saman 698 celler. Det hadde sju treetasjes fløyer rundt eit tårn i midten. Fangane arbeidde til visse kvotar. Om dei ikkje oppfylte desse, eller på andre måtar braut reglane, blei dei torturerte gjennom pisking, bering av fotjern eller liknande. Nokre fangar blei hengde.

I protest mot dei dårlege tilhøva, særleg den helsefarlege kosten, gjennomførte fangane ein sveltestreik i 1932. Etter 46 dagar og tre dødsfall fekk dei noko betre tilhøve. I 1937 starta ein ny sveltestreik som spreidde seg til resten av India. Etter samtalar med Gandhi gjekk kolonistyresmakta med på å senda fangane tilbake til fengsel på fastlandet.

I 1943 kom den japansk-allierte Indian National Army til Andamanøyane og erklærte dei som frigjorte. Leiaren Subhas Chandra Bose likna takinga av staden med fengselet med storminga av Bastillen under den franske revolusjonen. Britane tok kontroll over øyane tilbake i 1945, men oppheva då fangeleiren.

Frå museet.

To fløyar blei rivne under verdskrigen, og to til etter sjølvstendet. I 1969 blei det som stod att av Cellular-fengselet erklært eit nasjonalt monument i India. Det er no eit museum, eit minnesmerke og ein park der.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cellular-fengselet