Celtic FC

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lagoppstillingane i Europacup-finalen 1967

Celtic Football Club er ein fotballklubb i Glasgow i Skottland, stifta i 1887. Klubben, som spelar i Scottish Premier League, har vunne 44 seriemeisterskap, det siste i 2013. Celtic har 35 gongar sigra i den skotske cupen og 14 gongar gått til topps i den skotske ligacupen.

Celtic vann Europacupen i 1967, som det fyrste fotballaget frå Storbritannia. Alle spelarane på vinnarlaget var fødd innanfor ein radius på under 50 kilometer frå Celtic Park i Glasgow. Klubben er såleis den eine av to klubber som har vunne ei europeisk klubbturnering der alle spelarane var frå heimlandet til klubben. Laget frå 1967 har i ettertid vorte kalla Lisbon Lions («Løvene frå Lisboa»), ettersom finalen mot Inter fann stad i Lisboa. Tre år seinare, i 1970, nådde Celtic finalen i Europacupen på ny. Både då og i 2003, då Celtic spela UEFA-cupfinale, vart det tap for Glasgow-klubben.

Laget spelar heimekampane på Celtic Park. Celtic har gjennom fotballhistoria hatt sin store rival i Rangers FC, ein annan fotballklubb frå Glasgow. Kampane mellom dei to laga vert omtala som Old Firm.

Spelarstall[endre | endre wikiteksten]

Endra 15. august 2020[1]

Note: Flagga viser til landslaget som spelaren kan spela for, som definert av FIFA sine reglar. Spelarane kan ha fleire nasjonalitetar i annan forstand.

Nr. Posisjon Spelar
1 Flagget til Hellas MV Vasilis Barkas
2 Flagget til Frankrike F Christopher Jullien
3 Flagget til Skottland F Greg Taylor
6 Flagget til Israel M Nir Bitton
8 Flagget til Skottland M Scott Brown (lagkaptein)
9 Flagget til Skottland A Leigh Griffiths
10 Flagget til Sveits A Albian Ajeti
11 Flagget til Polen A Patryk Klimala
12 Flagget til Elfenbeinskysten M Ismaila Soro
17 Flagget til Skottland M Ryan Christie
18 Flagget til Australia M Tom Rogic
19 Flagget til Skottland M Mikey Johnston
21 Flagget til Frankrike M Olivier Ntcham
Nr. Posisjon Spelar
22 Flagget til Frankrike A Odsonne Édouard
23 Flagget til Belgia F Boli Bolingoli
27 Flagget til Noreg M Mohamed Elyounoussi (utlån frå Southampton)
28 Det irske flagget M Luca Connell
29 Flagget til Skottland MV Scott Bain
30 Det nederlandske flagget F Jeremie Frimpong
35 Flagget til Noreg F Kristoffer Ajer
42 Flagget til Skottland M Callum McGregor (visekaptein)
44 Flagget til Israel F Hatem Abd Elhamed
49 Flagget til Skottland M James Forrest
52 Flagget til Skottland M Ewan Henderson
56 Flagget til Skottland F Anthony Ralston
65 Flagget til Nord-Irland MV Conor Hazard

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «First team». Celtic FC. Henta 15. august 2020.