Cembalo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cembalo i flamsk stil

Eit cembalo er eit tangentinstrument med strengar, der ljoden vert laga av små plekter som knipsar strengane. Cembaloet var saman med klavikordet det vanlegaste tangentinstrumentet frå om lag 1450 til 1750, då hammerklaveret kom.

I motsetnad til på eit hammerklaver (piano), kan ein ikkje endra ljodstyrken stort med anslaget. Derimot har mange instrument meir enn eitt sett strengar (register), som cembalisten kan kopla inn og ut med registertrekk. Ofte er eitt av registera stemd éin oktav høgare enn dei andre (4-fot), og dei største instrumenta har somme tider 16-fotsregister, stemd éin oktav lågare. Som på eit kyrkjeorgel har store instrument ofte to tangentrekkjer (manual).

Cembalo frå slutten av 1700-talet kan òg ha pedalstyrt svellverk for crescendo- og decrescendo-effektar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cembalo