Central-Mid-levelsrulletrappene

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Inne i ei av rulletrappene.
Central-Mid-Levels rulletrappene, inngangen i Elgin Street.

Central-Mid-levelsrulletrappene er ei samling rulletrapper og rulleband i Hongkong, og er verdas lengste utendørs rullebandtransport. Banda startar frå vegen Des Voeux Road Central på den nordre stranda på Hong Kong Island, går via SoHo og endar opp i bustadområdet Mid-Levels i Conduit Road. Stigninga er totalt 135 meter og samla lengde er nærare 800 meter. Talet på daglege passasjerar er over 50 000.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Central-Mid-levelsrulletrappene