Central Hawke's Bay District

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Central Hawke's Bay District
Central Hawke's Bay District.svg
Største byar: Waipukurau og Waipawa
Andre byar: Takapau, Ongaonga, Tikokino, Otane, Porangahau
Distrikt
Namn: Central Hawke's Bay District Council
Leiar: Trish Giddens
Folketal: 13 300 [1]
Flatevidd: 3 327,92 km²
Utbreiing: Frå Takapau i sør, til Pukehou i nord; Frå Ruahine i vest til Stillehavet i aust
Heimeside: http://www.chbdc.govt.nz/
Sjå òg: Hastings District, Napier City
Regionstyre
Namn: Hawke's Bay Regional Council
Heimeside: http://www.hbrc.govt.nz/

Central Hawke's Bay District er eit distrikt som ligg aust på NordøyaNew Zealand. Det dekkjer eit område på 3 327,92 km² og hadde eit estimert folketal på 13 300 i juni 2008[1]. Det dekkjer området frå Pukehou i nord til Takapau i sør, og strekkjer seg frå fjellrekkja Ruahine Range i vest til Stillehavskysten i aust.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Riksvegen State Highway 2 går midt gjennom Central Hawke's Bay sørover til Palmerston North (108 km) og Wairarapa, og nord til Hastings (50 km) og Napier. Det er 70 km til Napier hamn og 75 km til flyplassen Napier Airport. Jarnvegslinja Palmerston North - Gisborne Line går gjennom gjennom Central Hawke's Bay med ein jarnvegsstasjon i Waipukurau. Denne linja knyter seg til Wairarapa Line i Woodville, og held fram gjennom Manawatu Gorge til Palmerston North.

Kvart av dei fire hjørna i distriktet har ein marae. Desse ligg i: Pukehou, Kairakau, Porangahau og Takapau.

Busetnader og lokalstyre[endre | endre wikiteksten]

Det er to større byar i Central Hawke's Bay - Waipukurau og Waipawa - og ei rekkje mindre busetnader som til dømes Elsthorpe, Otane, Takapau, Tikokino og Ongaonga. Der er òg fleire mindre samfunn langs strendene, mellom desse er Kairakau, Pourerere, Aramoana, Blackhead og Porangahau. Administrasjonssenteret ligg i Waipawa, som er den nest største byen i distriktet

Central Hawke's Bay District er delt inn i to wards:

  • Aramoana / Ruahine
  • Ruataniwha

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]