Centralort
Centralort, «sentralstad», er eit omgrep nytta i kommunelovgjevinga (kommunallagstiftningen) i Sverige. Som centralort reknast den tettstaden (svensk: tätort), tidlegare byen (svensk: stad) eller den kjøpstaden (köping) i kommunen som fungerer som postort der kommunen har vorte registrert i samsvar med SKLs adresseregister[1]. Av Sveriges 290 kommunar (2010) har 124 ein tidlegare by (stad) som centralort og 72 ein tidlegare köping. Sverige har 291 centralorter, ein for kvar kommune i landet, med unntak for Vaggeryds kommun, som har to.
Omgrepet centralort skriv seg frå centralortsteorin, og vart viktig i Sverige i samband med Kommunblocksreformen 1962-1977, som etablerte dagens kommunestruktur. Oftast har centralorten same namn som kommunen, slik det er for 258 av dei 290 kommunane. Malung-Sälens kommun med Malung som centralort er eit av dei 32 unnataka.
Centralorten i ein kommune kan seiast å vere "kommunens hovudstad", og er ofte den største tettstaden i kommunen. I storbyområda kan fleire centralorter inngå i det som må reknast for å vere same tettstaden. Til dømes ligg det elleve kommunar i tettstaden Stockholm, og ti av desse har sine respektive centralorter innafor tettstadsområdet.
Ein centralort kan ofte samanliknast med eit kommunesenter i Noreg, men er formelt ikkje det same. Ein centralort har rett til viss grunnleggande tenester, som til dømes tenester som ligg til slike føretak som er skipa av særlege samfunnsmessige omsyn. Til denne gruppa reknast Apoteket AB, Systembolaget AB og AB Svenska Spel.
[endre] Sjå òg
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Centralort» frå Wikipedia på svensk, den 25. november 2010.