Centre i Haiti
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Centre i Haiti | |
| Land | |
| Hovudstad | Hinche |
| Areal | 3 675 km² |
| Folketal | 678 626 (estimat 2010) |
| Folketettleik | 184,7/km² |
| Kart | |
|---|---|
![]() |
|
Centre (haitisk: Sant) er eit av ti departement i Haiti. Det ligg sentralt i landet, og grensar til Nord og Nord-Est i nord, Den dominikanske republikken i aust, Ouest i sør og Artibonite i vest. Det er elles det einaste departementet i Haiti utan kystlinje. Hovudstaden er Hinche.
Vasskraftverket Péligre, som produserer mykje av straumen i Haiti, og som er det største av sitt slag i Karibia, ligg i Centre.
Administrativ inndeling [endre]
Departementet Centre er delt inn i 4 arrondissement og 12 kommunar:
- Arrondissement de Cerca-la-Source
- Cerca-la-Source
- Thomassique
- Arrondissement de Hinche
- Hinche
- Cerca-Cavajal
- Maïssade
- Thomonde
- Arrondissement de Lascahobas
- Lascahobas
- Belladère
- Savanette
- Arrondissement de Mirebalais
- Mirebalais
- Saut-d’Eau
- Boucan-Carré
Kjelder [endre]
- «Centre Department» på Wikipedia på engelsk, innhenta 12. mai 2011.
- «Centre (département d'Haïti)» på Wikipedia på fransk, innhenta 12. mai 2011.
- «Population totale, population de 18 ans et plus menages et densites estimes en 2009» hjå Institut Haïtien de Statistique et d’Informatique, innhenta 12. mai 2011.
|
|
||
|---|---|---|
| Artibonite • Centre • Grand’Anse • Nippes • Nord • Nord-Est • Nord-Ouest • Ouest • Sud • Sud-Est | ||
