Ceres i Skottland

Koordinatar: 56°18′N 2°58′W / 56.300°N 2.967°W / 56.300; -2.967
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Ceres

Plassering
Ceres i Skottland is located in
Styresmakter
Land  Storbritannia
Konstituerande land  Skottland
Region Fife
Tradisjonelt grevskap Fife
Geografi
Innbyggjarar
 - By (2001)

1 019
Koordinatar 56°18′N 2°58′W / 56.300°N 2.967°W / 56.300; -2.967
Diverse annan informasjon
Postnummer KY15 5xx
Telefon-retningsnummer 0 1334
Commons har multimedium som gjeld: Ceres i Skottland

Ceres er ein landsby i regionen Fife i Skottland. Han har kring 1000 innbyggjarar.

Det er uklart kvar namnet kjem frå. Nokre meiner at det er ein leivning frå romersk tid, då den romerske gudinna for jordbruket òg heitar Ceres. Men namnet har hatt ulike former, blant anna Seres og Syres; sistnemnde er den eldste forma. Andre teoriar er at det kjem frå St. Cyrus, som soknekyrkja er vigd til, eller frå det latinske ordet syrus, som tyder myrland ved ei elv. Ein siste teori er at det var ein familie som heitte Syras som grunnla landsbyen.

Landsbyen er vertskap for ein av dei eldste høglandsleikane i landet. Leikane er ei feiring av heimkomsten til dei overlevande frå slaget ved Bannockburn i 1314. Ved plassen i sentrum av landsbyen er det eit minnesmerke for Bannockburn, reist i samband med 600-årsjubileet i 1914. Bogeskyttarar frå Ceres gav eit viktig bidrag til den skotske sigeren i slaget.

Ceres nemnast først på 1100-talet. I 1620 vart det oppretta eit baroni, som vart underlagt Hopefamilien frå Craighall. Landsbyen utvikla seg då som eit sentrum for landbruk, veving og bryggeriverksemda.

Fife Folk Museum ligg i Ceres. Det vart opna i 1968.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]