Cergy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cergy
Port Cergy
Port Cergy
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Val-d'Oise
Geografi
Flatevidd
 - By

11,65 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

54 400
  4 670/km²
Koordinatar 49°02′01″N 02°03′47″EKoordinatar: 49°02′01″N 02°03′47″E
Høgd over havet 25 m
Diverse anna
Heimeside: www.ville-cergy.fr

Cergy er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 27,8 km frå Paris sentrum i den «nye byen» Cergy-Pontoise som vart oppretta i 1960-åra, og har eit folketal på rundt 55 000 innbyggjarar.

Sjølv om nabokommunen Pontoise offisielt er préfecture (hovudstad) i departementet Val-d'Oise, ligg prefecture-bygningen og administrasjonen, i tillegg til rådsforsamlinga (conseil général) i kommunen Cergy, som vert rekna som ein de facto hovudstad i Val-d'Oise. Sous-préfecture-bygningen og administrasjonen ligg derimot i kommunen Pontoise.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Cergy kjem frå det mellomalderlatinske ordet Sergiacum, som tyder «eigedomen til Sergius», ein gallo-romersk landeigar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Cergy