Cermis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Cermis

Cermis er eit fjell i Lagorai-gruppa aust i Trentino i kommunen Cavalese i Italia. Fjellet er ein del av Val di Fiemme-Obereggen, som er eit kjent skiområde.

Cermis var åstad for to av dei verste ulukkene med kabelvogner. Den første skjedde 9. mars 1976 då kabelen rauk og 42 menneske, inkludert 15 born, omkom. Ei 14 år gamal jente var den einaste som overlevde fallet på 200 meter. Den andre gongen omkom 20 menneske då eit amerikansk militærfly kutta kabelen ved eit uhell 3. februar 1998.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]