Cesenatico

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bykanalen i Cesenatico

Cesenatico er ein by og ein kommune i provinsen Forlì-Cesena i Emilia-Romagna-regionen i Italia. Kommunen har vel 25 000 ibuarar og dekker ei flatevidd på 45,1 km².

Byen ligg ved Adriahavet, om lag 20 kilometer nordvest for Rimini. Til liks med denne er Cesenatico i dag ein by der turisme er hovudnæring. Det gamle hamneanlegget i byen med sine kanalar deler byen i to. Kanalane vart i si tid planlagt å gje byen Cesena sikker tilgang til havet. Kjennemerket til byen er ein 118 meter høg skyskrapar.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Cesenatico

Kjelder[endre | endre wikiteksten]