Cettiidae
| Cettiidae | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Passeriformes | |
| Familie: | Cettiidae | |
| Slekter | ||
Cettiidae er ein nyleg anerkjent biologisk familie av små insektetande «songarar», tidlegare plassert i oppsamlingstaksonet Sylviidae. Han samlar dei typiske busksongarar, Cettia, og slektningane deira. Familien har ikkje fått normert namn på engelsk eller norsk enda, cettiid-songarar kan brukast.[1]
Medlemmene finst hovudsakleg i Asia og Afrika, med spreiing til Indonesia i søraust og Europa i nordvest. Slekta Cettia har den største utbreiinga i familien, strekkjer seg frå Vest-Europa over Asia til Stillehavsøyane Fiji og Palau. Dei fleste av artane i slekta er standfuglar, men skjelkronestubbstjert er komplett trekkfugl og japansongar og cettisongar er delvis trekkfugl over store delar av utbreiingsområdet sitt. Nokre få artar, slik som lysbeinsongar, er høgdmigrantar.
Artane er små, butte fuglar. Dei fleste har moderat lange til lange stjertar, unntaka er stubbstjertar og tesiaer som har særs korte stjertar. Med nokre unntak som tesiaer, har fuglane i denne familien lite iaugefallande fjørdrakt, ofte med ei linje over auget.
Dei fleste lever i kratt og søkjer ofte føde ved klatring tett vegetasjon.
Innanfor superfamilien Sylvioidea, representerer Cettiidae ei gammal linje. Som gruppe er dei sannsynlegvis nærast Aegithalidae, stjertmeiser.
Artslista [endre]
Cettiidae i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.7 frå september 2012[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [3]
Slekt Erythrocercus
- Kastanjekronemonark, Erythrocercus mccallii
- Gulmonark, Erythrocercus holochlorus
- Gulbukmonark, Erythrocercus livingstonei
Slekt Scotocerca
- Krattsongar, Scotocerca inquieta
Slekt Hemitesia
- Skogbunnsongar, Hemitesia neumanni
Slekt Urosphena
- Timorstubbstjert, Urosphena subulata
- Borneostubbstjert, Urosphena whiteheadi
- Skjelkronestubbstjert, Urosphena squameiceps
Slekt Tesia
- Raudhovudtesia, Tesia castaneocoronata
- Gråbryntesia, Tesia superciliaris
- Skiferbuktesia, Tesia olivea
- Gråbuktesia, Tesia cyaniventer
- Bruntesia, Tesia everetti
Slekt Abroscopus
- Rustmaskesongar, Abroscopus albogularis
- Kvitbrynsongar, Abroscopus superciliaris
- Svartmaskesongar, Abroscopus schisticeps
Slekt Phyllergates
- Gulbukskreddarfugl, Phyllergates cucullatus
- Mindanaoskreddarfugl, Phyllergates heterolaemus
Slekt Tickellia
- Breinebbsongar, Tickellia hodgsoni
Slekt Cettia 16 artar «typiske busksongarar»
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Cettiidae» frå Wikipedia på engelsk, den 23. oktober 2010
Referansar [endre]
- ↑ Alström, P.; Ericson, P.G.P.; Olsson, U. & Sundberg, P. (2006) Phylogeny and classification of the avian superfamily Sylvioidea. Molecular Phylogenetics and Evolution 38(2): 381–397. doi:10.1016/j.ympev.2005.05.015 PDF-fil
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 1. oktober 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
Bakgrunnsstoff [endre]
- Videoar av songarar hos Internet Bird Collection