Châteaubriant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk


Châteaubriant
Byvåpenet til Châteaubriant
Byvåpenet til Châteaubriant
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Pays-de-la-Loire
Loire-Atlantique
Geografi
Flatevidd
 - By

33,62 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

12 065
  358/km²
Koordinatar 47°43′″N 01°22′″WKoordinatar: 47°43′″N 01°22′″W
Høgd over havet 70 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Postnummer 44110

Châteaubriant (bretonsk Kastell-Briant) er ein by og kommune nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Loire-Atlantique i regionen Pays-de-la-Loire, og har om lag 12 000 innbyggjarar. Innbyggjarane vert på fransk kalla Castelbriantais og Castelbriantaise.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Châteaubriant ligg 49 km nord for Ancenis, 68 km sør for Rennes, 69 km nord for Nantes og 85 km vest for Angers.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Châteaubriant si historie byrjar på 1000-talet då Brient (ein utsending frå Greven av Rennes) oppretta eit slott på ein voll ved sida av la Chère. Han oppretta seinare priorinneklosteret St. Sauveur de Béré. Ein by utvikla seg rundt slottet og vart kalla Châteaubriant. Festninga vart ein del av forsvarslinja rundt Bretagne i lag med andre byar som Vitré (Ille-et-Vilaine) og Fougères, som danna den første forsvarslinja mot det franske kongeriket.

Etter den franske revolusjonen møtte Brutus Hugo, ein ung republikansk løyntnant, den unge kvinna Sophie Trébuchet frå Châteaubriant. Dei fekk ein son i lag, Victor Hugo. Huset til Sophie Trébuchet står framleis i dag nær Maison de l'Ange, der turistkontoret ligg i dag.

I oktober 1941 vart 27 kommunistiske gislar (fengsla av den republikanske rregjeringa og av Vichy-politiet hausten 1941) i interneringsleiren i Châteaubriant avlevert til nazistane, som skaut alle saman som hemn for mordet på den tyske oberstløyntnanten Karl Hotz den 20. oktober 1941 i Nantes. Den yngste av dei 27 gislane, Guy Môquet, var 17 år. Staden der dei vart avretta, kalla Carrière des Fusillés, er i dag eit av dei største minnesmerka for den nazistiske okkupasjonen i området.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Folketal sidan 1962
1962 1968 1975 1982 1990 1999
10 852 11 986 13 231 14 023 12 783 12 065