Chaîne des Puys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chaîne des Puys
Chaîne des Puys - Chaîne des Puys sett frå Puy-de-Dôme
Chaîne des Puys sett frå Puy-de-Dôme
Ligg i/på Auvergne i Frankrike
Fjellkjede Massif Central
Koordinatar 45°30′N 2°48′EKoordinatar: 45°30′N 2°48′E
Fjelltype Vulkansk
Bergartar frå 95 000 år
Siste utbrot Om lag 4040 fvt.

Chaîne des Puys er ei vulkansk fjellkjede i Massif Central i Frankrike. Kjeda er 40 km lang, og har fleire vulkanske trekk, som kjegler, lavadomar og krater. Det høgaste punktet er lavadomen Puy de Dôme, som ligg om lag midt i fjellkjeda.

Kjeda er kjend for den vulkanske historia si, sidan ho vart utforska av den engelske geologen George Julius Poulett Scrope i 1820-åra. I 1827 gav han ut klassikaren Memoir on the Geology of Central France, including the Volcanic formations of Auvergne, the Velay and the Vivarais, som seinare vart gjeve ut i ein meir populærvitskapleg form i The Geology and extinct Volcanos of Central France i 1858. Desse bøkene var dei første som skildra Chaîne des Puys, og analysane som vart lagt fram her danna mykje av grunnlaget for vulkanologi.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chaîne des Puys