Cha-am

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Cha-am (thailandsk: ชะอำ) er ein kystby i provinsen Phetchaburi i det sentrale Thailand. Byen ligg på nordsida av Malayahalvøya langs ei stripe av Siambukta, ikkje so langt ifrå ein annan kystby, Hua Hin (2 mil sør for Cha-am). Folketalet er rekna til å vere ca 50 000. Både jernbanen og hovudvegen frå Bangkok mot Malaysia går gjennom eller rett ved Cha-am og Thailands einaste amerikanske universitet, Webster University, ligg i byen.

Byen vart grunnlagd i 1897, då med namnet Na Yang, og er nå mest kjend som ein badeby. Mange turistar ferierer i byen, og han er populær også blant thailendarar frå Bangkok på ferie.