Chad Cromwell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chad Cromwell
Chad Cromwell 2009.jpg
Fødd 14. juni 1957 (57 år)
i Paducah i Kentucky, USA
Instrument Trommer
Sjanger Rock, country
Aktive år 1986 til i dag
Yrke Musikar
Tilknytte artistar Neil Young, Mark Knopfler

Chad Cromwell (fødd 14. juni 1957) er ein amerikansk trommeslagar som er mest kjend for arbeidet sitt med Neil Young og Mark Knopfler.

Cromwell starta karrieren sin med Joe Walsh i 1986,[1] og var med på albuma Got Any Gum? og Ordinary Average Guy.

I 1987 starta Cromwell eit samarbeid med Neil Young. Han var opphavleg ein del av Neil Young & The Bluenotes og har sidan då spelt og turnert mykje med Young, på album som Freedom (1989), Prairie Wind (2005) Living with War (2006) og Chrome Dreams II (2007). Han finst òg på Heart of Gold, ein dokumentarfilm der Young speler Prairie Wind.[2] This was filmed at the Ryman auditorium og directed by Jonathan Demme.

Cromwell har òg spelt med Mark Knopfler på albuma Golden Heart (1996), Sailing to Philadelphia (2000), The Ragpicker's Dream (2002) og Shangri-La (2004). Han spelte òg i turnebandet til Knopfler etter dei første soloalbuma hans.[3]

Cromwell turnerte med Crosby, Stills, Nash & Young sommaren 2006.[4]

Han har òg arbeidd med artistar som Vince Gill, Amy Grant, Lady Antebellum, Diana Krall, Willie Nelson, Jackson Browne, Boz Scaggs, Wynonna, Trisha Yearwood, Miranda Lambert, Bonnie Raitt, Allison Moorer, Chris Knight, Rodney Crowell og Marty Stuart.

På midten av 2000-talet spelte han i bandet Fortunate Sons som gav ut eit album med same namn i 2004.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Gomez, Alex M. (27. november 1987). "Joe Walsh keeping young", South Florida Sun-Sentinel, s. 22.
  2. Varga, George (23. februar 2006). "The right chemistry: Demme, Young 'were on the same page' for 'Neil Young: Heart of Gold'", The San Diego Union-Tribune, p. ND.
  3. Morse, Steve (22. mars 1996). "Mark Knopfler takes a Strait-country line on solo CD", The Boston Globe, s. 62.
  4. Neil Young review, august, 2005
  5. Bumgardner, Ed (1. april 2004). "Fortunate Sons", Winston-Salem Journal, s. 9.