Chad Wackerman

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chad Wackerman
The Hague Jazz Festival 2007.jpg
Wackerman på Hague Jazz Festival
Fødd 25. mars 1960 (54 år), Long Beach i California
Instrument trommer, perkusjon
Sjanger Jazzfusion, jazz, rock
Aktive år 1978 til i dag
Yrke Musikar, komponist
Tilknytte artistar Bill Watrous, Frank Zappa, Steve Vai, Andy Summers, Ed Mann, Albert Lee, Colin Hay, Dweezil Zappa, Tom Grant, Allan Holdsworth, Steven Wilson

Chad Wackerman (fødd 25. mars 1960) er ein jazz-, jazzfusion- og rocke-trommeslagar, mest kjend som trommeslagar og perkusjonist i bandet til Frank Zappa,[1] men har òg arbeidd med Allan Holdsworth og andre. I tillegg har han arbeidd med andre som bandmedlem, studiomusikar, sidemann og bandleiar i sin eigen jazztrio, i tillegg til ein solokarriere. Han er den eldre broren til Brooks Wackerman, som er den noverande trommeslagaren i Bad Religion.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Chad Wackerman voks opp i Seal Beach i California, i ein musikalsk familien. Faren var òg trommeslagar og ein prisvinnande musikkærar med spesialisering i jazz. Chad og brørne John og Brooks Wackerman er alle trommeslagarar og multi-instrumentalistar. John spelte inn eit album kmalla Drum Duets Vol.1.[2]

Wackerman spelte med Bill Watrous i 1978 og seinare i sju år med Frank Zappa, frå 1981 til 1988. Å halde på plassen i bandet til Zappa var ikkje lett. Zappa hadde særs høge krav til displin og musikalsk standard på øvingar og turneane sine. Prøvespelinga for bandet hans var særs krevande i følgje både Steve Vai og Wackerman.[2] To musikkstykke, «Mo and Herb's vacation» og «The Black Page» vart rekna som eksepsjonelt vanskelege. Berre tre trommeslagarar gjennom karrieren til Zappa klarte å spele dei rett: Wackerman, Terry Bozzio og Vinnie Colaiuta.

Sidemann og studiomusikar[endre | endre wikiteksten]

Wackerman (i midten) med Allan Holdsworth og Jimmy Johnson i 2006.

I 1985 turnerte han, men spelte ikkje inn musikk, med det australske bandet Men at Work. Wackerman spelte på albumet og videoen til One Voice av Barbra Streisand. Han har òg spelt inn album og turnert med artistar så forskjellige som Allan Holdsworth, Steve Vai, Andy Summers, Ed Mann, Albert Lee, Colin Hay, Dweezil Zappa og Tom Grant. Chad var òg trommeslagaren i husbandet i det første talkshowet til Dennis Miller.

Wackerman har turnert med James Taylor, bestvenene Mark Linn-Baker og Larry Sweeney, John Patitucci, Jeff Lorber og Joe Sample, i tillegg til Zappa-trommeslagaren Terry Bozzio på ei rekkje perkusjonskonsertar. Chad budde i Australia i ti år mellom 1995 og 2005, då han flytta attende til California.

Som erstattar for Marco Minnemann, turnerte Wackerman med bandet til Steven Wilson i 2013.[1]

Chad Wackerman Trio[endre | endre wikiteksten]

Den noverande Chad Wackerman Trio består av Chad Wackerman (trommer), Doug Lunn (bass) og Mike Miller (gitar). Wackerman sine soloalbum har med Allan Holdsworth på gitar.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Chad Wackerman will replace Marco Minnemann on North/South amerikansk Tour –». Stevenwilsonhq.com. 2013-02-05. http://stevenwilsonhq.com/sw/chad-wackerman-to-replace-marco-minnemann-on-northsouth-american-tour/. Henta 5. juli 2014. 
  2. 2,0 2,1 Wackerman, Chad (2001–2006). «Chad Wackerman Website». Official Website Faqs. Evolutionweb.com. http://www.chadwackerman.com/faqs.html. Henta 5. juli 2014. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]