Chaim Potok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Chaim Potok

Statsborgarskap USA
Fødd 17. februar 1929
Bronx
Død

23. juli 2002 (73 år)
Merion Station

Yrke skodespelforfattar, rabbinar, omsetjar, romanforfattar, skribent, manusforfattar, bibelomsetjar, barnebokforfattar
Religion Jødedommen
Chaim Potok på Commons

Chaim Potok (17. februar 192923. juli 2002) var ein amerikansk romanforfattar og rabbinar. Romanane hans tek utgangspunkt i det askenasisk-ortodokse miljøet i byen New York og handlinga dreier seg ofte kring spenningsfeltet mellom ulike tradisjonar såvel som spenningsfeltet mellom tradisjonelle verdiar og det moderne amerikanske samfunnet. Chaim Potok er særleg kjend for romanane The Chosen (1967) og My Name is Asher Lev (1972).

Herman Harold Potok (verdsleg namn) eller Chaim Tzvi ben Benjamin (hebraisk namn) vart fødd i Bronx som son av Benjamin Max Potok (d. 1958) og Mollie (Friedman) Potok (d. 1985) — båe jødiske immigrantar frå Polen. Under den ortodoks-jødiske skulegangen sin lærte Chaim både Talmúd og sekulære fag. Etter at han som tenåring las boka Brideshead Revisited, bestemte han seg for at han ville bli forfattar.

I 1950 vart han Bachelor of Arts summa cum laude, i engelsk litteratur frå Yeshiva University. Etter å ha fullført ein mastergrad i hebraisk litteratur og å ha blitt ordinert som rabbinar frå Jewish Theological Seminary of America, gjekk han inn i det amerikanske militæret som kapellan og tente i over eit år (1955–1957) i Korea.

Camp Ramah i the Poconos hadde han møtt den psykiatriske sosialarbeidaren Adena Sara Mosevitzsky, og dei gifte seg den 8. juni 1958. Dei fekk tre born saman — Rena, Naama og Akiva.

Frå 1964 til 1975 var Potok redaktør for tidsskriftet Conservative Judaism, og han var òg medredaktør for Jewish Publication Society i perioden 1965–1974. I 1965 mottok Potok Ph.D.-graden frå University of Pennsylvania.

Potok er mest kjend for romanen The Chosen (1967), som òg kom ut i filmversjon i 1981 og fekk ein pris ved Verdsfilmfestivalen i Montreal — og som seinare òg gjekk som musical på Broadway ei kort stund. Boka er ei delvis sjølvbiografisk forteljing om to gutar: Reuven Malter, ein moderne-ortodoks jøde, blir kamerat med Danny Saunders, ein lynintelligent ung son av ein hasidisk rabbinar. Faren, reb Saunders, ventar av sonen at han skal bli rabbinar etter han, men Danny vil heller studere psykologi — eit sekulært fagfelt.

I Noreg er Potok mest kjend for romanen My Name is Asher Lev (1972), som kom ut i norsk omsetjing på Aschehoug i 1973 under namnet Mitt navn er Asher Lev.

Chaim Potok døydde av kreft i Merion i Pennsylvania den 23. juli 2002.

Verk[endre | endre wikiteksten]

  • 1964–69: Jewish Ethics (14 b.)
  • 1967: The Chosen
  • 1969: The Promise
  • 1972: My Name is Asher Lev (norsk Mitt navn er Asher Lev, Aschehoug 1973)
  • 1975: In the Beginning
  • 1975: The Jew Confronts Himself in American Literature
  • 1978: Wanderings: Chaim Potok’s History of the Jews
  • 1981: The Book of Lights
  • 1985: Davita’s Harp (norsk Davitas harpe, Aschehoug 1986)
  • 1986: Theo Tobiasse
  • 1990: The Gift of Asher Lev (norsk Asher Levs gave, Aschehoug 1990)
  • 1992: I Am the Clay
  • 1993: The Tree of Here
  • 1994: The Sky of Now
  • 1996: The Gates of November
  • 1998: Zebra and Other Stories
  • 2001: Old Men at Midnight

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]