Chambéry

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chambéry
Horisonten til Chambéry
Byvåpenet til Chambéry
Byvåpenet til Chambéry
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Rhône-Alpes
Savoie
Geografi
Flatevidd
 - By

20,99 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

55 786
  2 958/km²
Koordinatar 45°34′02″N 05°55′18″EKoordinatar: 45°34′02″N 05°55′18″E
Høgd over havet 270 m
Tidssone CET (UTC+1)
Diverse anna
Heimeside: www.mairie-chambery.fr
Plassering
Plassering av  Chambéry

Chambéry er ein by søraust i Frankrike, og er préfecture (hovudstad) i departementet Savoie i regionen Rhône-Alpes. Han var hovudstad i den historiske regionen Savoie sidan 1200-talet, då Amadeus V av Savoie gjorde byen til sitt maktsentrum.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Chambéry vart grunnlagd i krysset mellom to antikke vegar som gjekk gjennom Dauphiné, Burgund, Sveits og Italia, i ein dal mellom fjella Bauges og Chartreuse ved elva Leysse. Storbyområdet har meir enn 100 000 innbyggjarar, og strekkjer seg frå dei vindruekledde sidene av Combe de Savoie, og nesten heilt til breidda av Bourgetsjøen, den største naturlege innsjøen i Frankrike. Byen har ein stor jernbanestasjon, midt på linja mellom Lyon og Torino.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Historia til Chambéry er nært knytt til Huset Savoie og var hovudstad her frå 1295 til 1563. I løpet av denne tida dekte Savoie eit område frå Bourg-en-Bresse i vest, over Alpane til Torino, nord til Gèneve og sør til Nice. For å unngå provokasjonar frå Frankrike, flytta hertug Emmanuel Philibert hovudstaden sin til Torino i 1563, og Chambéry byrja å forfalle. I stordomstida var våpen frå Savoie svært ettertrakta, og mange av dei mektigaste hærane i Europa kjempa med våpen frå Savoie. Chambéry og Hertugdømet Savoie gjekk tilbake til herskarane av Huset Savoie i 1815.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Chambéry