Champlainhavet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Champlainhavet var eit kortvarig havområde i Atlanterhavet som vart danna av isbrear som trekte seg tilbake mot slutten av den siste istida. Havområdet dekte område i Quebec og Ontario i Canada, samt dei amerikanske statane New York og Vermont.

Dei store ismassane over land hadde pressa jordflata nedover og då isen smelta heva landet seg igjen. Medan landområda framleis var pressa ned var dei nemnde områda framleis under havnivå og då isen trekte seg tilbake, strøymde havet inn over regionen. Etter kvart som jordflata heva seg, trekte havet seg tilbake.

Havområdet varte frå om lag 13 000 år sidan til om lag 10 000 år sidan. På det største streket havområdet seg så langt sør som til Lake Champlain og noko lenger vest enn Ottawa i Ontario. Det er estimert at havet var omkring 150 meter djup, der St. Lawrence-elva og Ottawaelva i dag renn.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]