Chandra-teleskopet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Illustrasjon av Chandra.

Chandra (engelsk: Chandra X-ray Observatory) er eit røntgenteleskop og det tredje teleskopet i NASA sitt Great Observatories-program. Det blei plassert i bane rundt jorda med romferja Columbia 23. juli 1999.[1] Før oppskytinga var teleskopet kjend som AXAF, kort for Advanced X-ray Astrophysics Facility. Det var på tida det blei bygt det mest sofistikerte røntgenteleskopet med ein oppløysning åtte gonger betre og med ei evne til å kunna avsløra røntgenkjelder 20 gonger svakare enn kva som helst anna teleskop.[2]

Chandra har fire vitskaplege instrument: eit biletspektrometer, eit høgoppløysningskamera og høg- og lågenergi-spektrometer.

Teleskopet er namnsett etter den indisk-amerikanske fysikaren Subrahmanyan Chandrasekhar.[3]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «The Chandra Mission» - Generelt om teleskopet på heimesida.
  2. «Chandra X-ray Observatory Quick Facts»
  3. «The Man Behind The Name» - Om Chandrasekhar på heimesida til teleskopet.