Changemaker

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Changemaker
Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon

TypeUngdomsorganisasjon,

demokratisk medlemsorganisasjon,

partipolitisk uavhengig
Skipa1992
HovudkontorBernhard Getz gt. 3, Oslo
LeiarEmbla Regine Mathisen
MisjonFjerne grunnlegjande årsaker til fattigdom og urett i verda
MetodeKampanjearbeid, politisk påverking
Motto"Klart vi kan forandre verda!"
Nettstadwww.changemaker.no

Changemaker er ein ungdomsorganisasjon som arbeider for ei rettferdig verd. Changemaker er Kirkens Nødhjelp sin ungdomsorganisasjon, men har demokratisk sjølvstyre. Gjennom å spre informasjon om nord-sør-problematikk og gi ungdom handlingsalternativ, vil Changemaker til livs med dei grunnegjande strukturane som skapar og opprettheld fattigdom og urett. Changemaker har lokalgrupper over heile landet. Frå sommaren 2016 er Tuva Krogh Widskjold leiar i Changemaker.

Fem hovudtema[endre | endre wikiteksten]

Changemaker meiner at urettferdighet er eit problem skapt av menneske, og det er menneske som kan løysa det. Organisasjonen jobbar med å setja søkelyset på problema, finna løysingane, og påverka politikarane til å gjennomføra dei. Changemaker jobbar med fem hovudtema dei meiner opprettheld dei urettferdig strukturane i verda.

Fred[endre | endre wikiteksten]

Changemaker meiner at væpna konfliktar er eit hinder for utvikling, men det er òg våpenhandel, utviklinga av autonome dronar for militært bruk og kjønnsbasert vald. Changemaker ser på begripen fred som meir enn berre fravær av krig. Difor jobbar Changemaker for ein fredssituasjon som inneber demokrati, rettferd, berekraftig utvikling og respekt for menneskerettane.

Gjeld og kapitalflukt[endre | endre wikiteksten]

Over tusen milliardar dollar forsvinn årleg ut av fattige land i form av ulovleg kapitalflukt. I tillegg brukar dei same landa meir pengar på gjeldsbetjening enn dei mottek i bistand. Det er eit strukturelt problem. Difor jobbar Changemakers politiske utval for gjeld og kapitalflukt med å endra dagens situasjon.

Global helse[endre | endre wikiteksten]

Changemaker meiner at god helse er ein menneskerett og noko alle menneske er avhengige av for å kunna leva eit godt liv. Likevel manglar ein stor del av folkesetnaden i verda tilgjenge til reint vatn, helsetenester og livsnødvendige medisinar.

Dette rammar dei fattige hardast, og er grunnleggjande urettferdig fordi det er ofte er økonomiske interesser og strukturelle skjevheter som hindrar menneske frå å få oppfylt denne retten. Dårleg helse er òg ei viktig årsak til at menneske vert verande fattige.

Handel[endre | endre wikiteksten]

Changemaker jobbar med dei urettferdig strukturane i det internasjonale handelssystemet som gjer at fattige land vert verande fattige og rike land vert rikare. Til dømes ser ein at det er dei økonomiske sterkaste partane som får gjennomslag for sakane sine i WTO, og fattige land får mindre høve til å påverka det internasjonale systemet på ein måte som kan vera fordelaktige for dei.

Klima og miljø[endre | endre wikiteksten]

Changemaker meiner at klimaendringane er eit stort urettferdighetsproblem. Sjølv om rike land har størstedelen av ansvaret for klimagassutslippene, er det verda si fattige som opplever konsekvensane sterkast. Changemaker jobbar for at Noreg skal ta delen sin av arbeidet med å løysa klimaproblemet i verda. Som ein rik oljenasjon har vi eit ansvar med å kutta klimagassutslipp nasjonalt, og bidra til det globale grøne skiftet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Organisasjonsstruktur[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]