Lofamilien
| Lofamilien | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Charadriidae | |
Lofamilien er ein biologisk familie av loer, boltitar og viper i ordenen vade-, måse- og alkefuglar, Charadriiformes. Totalt er det klassifisert ca. 66 artar.
Dette er små til mellomstore vadefuglar med kompakt kropp, kort, tjukk hals og lange, vanlegvis spisse venger. Dei varierer i storleik frå svartkronelo på 26 gram og 14 cm til maskevipe på opptil 370 gram og 38 cm.
Dei er distribuert på opent land over heile verda, hovudsakleg i habitat nær vatn, sjølv om det er nokre unntak, ørkenboltit, til dømes, føretrekkjer steingrunn i ørkenen i Sentral- og Vest-Australia.
Desse fuglane finn føde med hjelp av synet, heller enn ved å søkje med lange nebb som nokre sniper gjer. Dietten femnar om insekt, makk eller andre virvellause dyr avhengig av type habitat dei lever i. Jaktteknikken er vanlegvis ein springe-og-pause teknikk, snarare enn stadige undersøkingar slik nokre av dei andre gruppene av vadefuglar gjer. I hekketida vernar dei territoria sine med hjelp av sterkt synlege oppvisingar.
Taksonomi [endre]
Generelt har større artar i familien ofte blitt kalla viper, mindre artar loer eller boltitar. Dette dannar to taksonomiske undergrupper: dei fleste viper høyrer inn i gruppa Vanellinae, dei fleste loer og boltitar høyrer til Charadriinae.
Lofamilien i rekkjefølgje etter Clementslista frå desember 2008.
-
- Vanellus samlar dei 24 vipeartane som er klassifiserte, inkluderer den palearktiske arten vipe som òg finst i Noreg
- Erythrogonys, monotypisk
-
- Brunsidelo, Erythrogonys cinctus, lever på det australske kontinentet og på sørlege Ny-Guinea
-
- Pluvialis Slekta samlar fire artar som hekkar i arktiske eller tempererte område: tundralo, heilo, kanadalo og sibirlo
- Charadrius Dette er 30 artar av dei typiske loer, dei fleste er karakteriserte av brystband og krageteikning i fjørdrakta. Boltit høyrer òg inn her.
- Thinornis
-
- Svarthovudlo, Thinornis cucullatus, og fjærelo, Thinornis novaeseelandiae, lever i kystnære område i delar av Oseania
- Elseyornis, monotypisk
-
- Brunskulderlo, Elseyornis melanops, finst i Australia, Tasmania og New Zealand
- Peltohyas, monotypisk
-
- Ørkenboltit, Peltohyas australis, lever i dei tørre områda av sørlege Australia
- Anarhynchus, monotypisk
-
- Skeivnebblo, Anarhynchus frontalis, hekkar og lever på New Zealand, trekkfugl mellom Nord- og Sørøya.
- Phegornis, monotypisk
- Oreopholus, monotypisk
-
- Rusthalslo, Oreopholus ruficollis, er knytt til høglandet i Andes, hekkar innanfor grensene til Argentina, Bolivia, Chile og Peru.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Charadriidae» frå Wikipedia på engelsk, den 21. november 2009
- Clementslista frå desember 2008. Nedlasting av lista, lese 19. september 2009
Bakgrunnsstoff [endre]
- Charadriidae videoar hos Internet Bird Collection
- Charadriidae lydopptak hos xeno-canto.org