Charadrius
| Charadrius | ||
|
|
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Animalia | |
| Rekkje: | Chordata | |
| Klasse: | Aves | |
| Orden: | Charadriiformes | |
| Familie: | Charadriidae | |
| Slekt: | Charadrius | |
| Artar | ||
|
||
| Vitskapleg namn | ||
| Charadrius | ||
Charadrius er ei biologisk slekt av typiske loer, ei gruppe av vadefuglar. Dei finst over heile verda.
Mange av Charadrius-artane er prega av brystband eller kragar. Desse kan ha komplett band som sandlo, amerikasandlo, dverglo og langnebblo, doble eller triple band som tobeltelo, kvitkranslo, savannelo, svartbeltelo og nyzealandbeltelo, eller berre delvis kragar kvitbrystlo, piplo, arkipello, javalo, raudhettelo og punalo.
Dei har relativt korte nebb og beitar hovudsakleg på insekt, ormar og andre virvellause dyr, avhengig av habitat. Dei utnyttar ein springe-og-pause teknikk, i staden for stadig søking med nebbet, slik som nokre andre vadefuglar gjer. Og dei jaktar med synet, snarare enn ved å føle som sniper med lange nebb gjer.
Artslista [endre]
Charadrius-artane i rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler. [2]
|
|
|
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen byggjer på «Charadrius» frå Wikipedia på engelsk, den 9. september 2012
Referansar [endre]
- ↑ Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012
- ↑ Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)