Charisma Records

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Charisma Records var eit britisk plateselskap grunnlagt i 1969 av den tidlegare journalisten Tony Stratton-Smith, som då òg var manager for banda The Nice, Bonzo Dog Band og Van der Graaf Generator. Han kunne ikkje finne nokre plateselskap som ville gje desse banda platekontrakt, så han starta sitt eige plateselskap og gav ut Van der Graaf Generator-albumet The Least We Can Do is Wave to Each Other på eigahand.

Charisma Records vart distribuert av Phonogram Records i Europa og av Buddah Records i USA frå 1971. Før 1971 hadde Charisma nytta fleire ulike distributørar i USA, som til dømes ABC Records, Dunhill Records, Impulse Records og Elektra Records. I tillegg stod Atlantic Records for fleire USA-utgjevingar for Charisma i åra frå 1973 til 1992.

Dei mest suksessrike artistane deira var Genesis, Peter Gabriel, Julian Lennon og Monty Python. Dei gav òg ut musikk av Van der Graaf Generator, The Nice, Lindisfarne og Alan Hull, Hawkwind, The Alan Parsons Project, Clifford T. Ward, String Driven Thing, Jack The Lad, Audience, Vivian Stanshall, Brand X, Sir John Betjeman og Malcolm McLaren. Soloalbuma til Peter Hammill, Tony Banks og Steve Hackett i 1970-åra kom òg ut på Charisma Records.

I 1983 vart Charisma Records kjøpt opp av Virgin Records, men fortsette å operere aktivt fram til 1992 då Virgin kjøpte opp EMI og la verksemda til Charisma inn under houedselskapet Virgin. Einskilde ny-utgjevingar som opphavleg vart utgjeve på Charisma, er i den seinare tida vorte utgjeve på EMI.

Charisma Records har no gjennoppstått via EMI sin Angel Music Group.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]