Charles-Augustin de Coulomb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Augustin Coulomb

Charles Augustin Coulomb (14. juni 173623. august 1806) var ein fransk fysikar og ingeniør. Han kom fram til Coulomblova.

Frå 1802 var han i offentleg teneste som rådgjevar ved innføringa av standardar for mål og vekt. Frå 1804 var han generalinspektør for det franske undervisningsvesenet. Coulomb fann opp på ny og utvikla torsjonsvekta som gjorde han i stand til å utføre presisjonsmålingar av krefter mellom elektriske ladningar. I 1785 påviste han at krafta, K, mellom to ladningar, q1 og q2, er proporsjonal med produktet av ladningane, og omvendt proporsjonal med kvadratet av avstanden, r, mellom dei. Seinare viste Coulomb at tilsvarande lov òg gjeld for kraftverknaden mellom to magnetiske polar. Coulomb utforma i tillegg friksjonslovene.

Dei viktigaste verka hans om elektrisitet og magnetisme finst i sju avhandlingar frå åra 1785–89.

Eininga coulomb (symbol C) for elektrisk ladning er kalla opp etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]