Charles Hudson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Edward Whymper: Charles Hudson

Charles Hudson (4. oktober 182814. juli 1865) var ein kapellan og fjellklatrar frå Skillington i Lincolnshire i England. Han omkom under fyrstebestinginga av Matterhorn i Sveits.

Hudson var ein av dei fremste klatrarane under den såkalla gullalderen for fjellklatring i Alpane (1854-65). Han var ein svært sterk vandrar, og vert rekna som ein pioner både for klatring utan førar, samt for vinterklatring i Vest-Alpane. Sjølv hadde i 1855 gjort den fyrste førarlause bestiginga av Mont Blanc, og fyrstebestiginga av Mont Blanc du Tacul saman med Edward Stevenson, Christopher og James G. Smith, E. S. Kennedy, Charles Ainslie og G. C. Joad den 8. august 1855. Også på Breithorn kleiv han til topps utan førar; åleine var han nær å bestige Aiguille du Goûter om vinteren, men snudde grunna nysnø på toppartiet.

Hudson var med på fyrstebestiginga av Monte Rosa i 1855, då i lag med fjellførarar. Han var elles med då Mönchjoch vart overstige i sin heilskap i 1858, og han var med på klatre til topps på Mont Blanc langs Goûter-ruta i 1859, saman med E. S. Kennedy og fleire.

Sommaren 1865 steig Hudson til topps på Aiguille Verte, i fylgje med T. S. Kennedy og Michel Croz. Morgonen 14. juli 1865 stod han og Croz klare til å prøve å nå toppen av Matterhorn. I same ærend var Edward Whymper, og denne overtala Hudson til at dei to klatrelaga skulle søke å nå toppen i lag. Slik vart det, og dei sju klatrarane kom til topps, som dei aller fyrste. Straks etter nedstiginga byrja, sklei den unge Robert Hadow ut og drog med seg Croz, og deretter Hudson og Francis Douglas. Tauet rauk, og dei tre som stod øvst berga seg og kom uskadde ned. Liket av Hudson vart attfunne og gravlagd på kyrkjegarden i Zermatt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]