Charles Louis Auguste Fouquet de Belle-Isle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Louis Auguste Fouquet.

Charles Louis Auguste Fouquet de Belle-Isle (22. september 168426. januar 1761) var ein fransk general og statsmann.

Han var barnebarn av Nicolas Fouquet, som tok seg av finansane under kong Ludvig XIII, og vart fødd i Villefranche-de-Rouergue.

Sjølv om familien hans hadde hamna i unåde, gjekk han tidleg inn i hæren og vart oberst for eit dragonregiment i 1708. Han steig i gradene under den spanske arvefølgjekrigen til brigadegeneral, og i mars 1718 til marchal de camp. Under den spanske krigen i 1718-1719 var han til stades då Fuenterrabía vart erobra i 1718 og då San Sebastián vart tatt i 1719.

hertugen av Bourbon vart statsminister vart Belle-Isle fengsla i Bastillen, og så forvist til heimstaden sin. Då kardinal Fleury kom til makta fekk han tilbake ei stilling i militæret som generalløytnant. I den polske arvefølgjekrigen kommanderte han eit korps under marskalk Berwick sin ordre, erobra Trier og Trarbach og tok del i omleiringa av Philippsburg (1734). Då det vart fred i 1736 gav kongen han, både på grunn av militærtenesta hans og fordi han hadde teke del i forhandlingane i overføringa av Lorraine, styret over tre viktige festningar i Metz, Toul og Verdun - ei stilling han hadde til han døydde.

Han hadde no fått godt militært og politisk rykte, og var ein av dei fremste rådgjevarane til styresmakta i militære og diplomatiske saker. I 1741 vart han sendt til Tyskland som fransk fullmektig for å sørgje for franske interesser i den politiske omorganiseringa av det døyande riket, og særleg for å få Karl Theodor av Bayern vald som keisar. Dei diplomatiske målsetjingane hans vart derfor ein av hovudårsakene som utløyste den austerrikske arvefølgjekrigen.

Han vart utnemnd som marskalk av Frankrike i 1741 og fekk kommando over ein stor hær. Med denne hæren skal han visstnok ha sagt at han skulle oppnå fred i løpet av tre månader utanfor bymurane til Wien. Det er tvilsamt at han verkeleg sa dette, sidan han var ein av dei personane som best kjende dei militære og politiske tilhøva i denne perioden. Desse tilhøva gjorde handlingane hans, både som general og statsmann, resultatlause, og den einaste bragda han oppnådde var ei heltemodig tilbaketrekking frå Praha. På ti dagar førte han 14 000 mann inn i og gjennom Böhmerwald og påførte fienden store tap, utan at han sjølv vart avskoren. Hans underordna François de Chevert forsvarte Praha så godt at austerrikarane berre var glad til for å sleppe han tilbake til leiaren sin utan kamp. Felttoget brakte derimot skam til Belle-Isle og han vart latterleggjort i Paris, og som ikkje det var nok vart han teken til fange av britane.

Han var eit år i England trass i kravet frå Ludvig XV og keisar Karl VII om å utlevere han. Under felttoget i 1746-47 kommanderte han hæren til Piemonte ved grensa til Alpane. Troppane hans erobra Antibes og Nice, men vart slått i slaget ved Assietta. Sjølv om han hadde kommandoen over ein demoralisert og underordna hær, klarte han å slå tilbake invasjonsforsøka til austerrikske og italienske styrkar, samt føre krigen tilbake til slettene i Lombardia. Då freden kom hadde han derfor vunne tilbake det militære ryktet sitt, og vart gjort til hertug i den franske adelen (1748). I 1757 fekk han ytterlegare ære då kongen gjorde han til forsvarsminister.

I løpet av dei tre åra som minister gjennomførte han mange reformer, som utviklinga av militærskular for offiserar, og stogge altfor unge adelsmenn som ønskte seg militær kommando. Han oppretta òg Order of Merit. Sjuårskrigen hadde derimot starta og det tok si tid før endringane hans fekk noko verknad. Han døydde i Versailles den 26. januar 1761.

Belle-Isle var interessert i litteratur, og vart vald som medlem av Det franske akademiet i 1740, og grunnla Akademiet i Metz i 1760. Hertugdømet hans enda då han døydde, sidan den einaste sonen hans hadde omkomme i 1758 ved Krefeld.

Bror hans, Louis Charles Armand Fouquet, kjend som Chevalier de Belle-Isle, var òg soldat og diplomat.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]