Charles Mathiesen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Mathiesen

Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. februar 1911
Drammen kommune
Død

7. november 1994 (83 år)
Drammen kommune

Yrke skøyteløpar
Charles Mathiesen på Commons

Charles Arthur Mathiesen (12. februar 19117. november 1994) var ein norsk skøyteløpar, fødd og død i Drammen. Han vart olympisk meister på 1500 meter under vinter-OL 1936 og europameister på skøyter i 1938. Mathiesen var medlem av Drammens Skøiteklub.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Mathiesen var aktiv heilt frå 1930 til 1948. I 1934 vart han nummer to i noregsmeisterskapen på skøyter, same plasseringa fekk han i 1936, 1937, 1939, 1940 og 1946.

Han vann 1500 meter under OL 1936 i Garmisch-Partenkirchen. Med tida 2.19,2 var han ein sekund føre Ivar Ballangrud i mål. I same OL vart Mathiesen nr 4 på 10 000 m og nr 7 på 5 000 m. Same sesongen kom han på andreplass i europameisterskapen. To år seinare, i 1938, vart Mathiesen europameister på skøyter på Frogner stadion i Oslo. Året etter var han tilbake med ein andreplass, denne og andre likelydande plasseringar gav han tilnamnet «den evige toar».

3. mars 1940 satte Mathiesen ny verdsrekord på 10 000 meter, da han på Hamar kom i mål på tida 17.01,5. To år tidlegare var han nær ved å sette rekord på same distansen, da han i parløp med Ivar Ballangrud i Davos fekk same tid, 17.14,4, men vart dømd etter i mål.

Under vinter-OL 1948 i St. Moritz deltok Mathiesen på 5000 m, men fekk vanskar med høgda og kollapset under løpet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]