Charles Spencer av Marlborough
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charles Spencer, 3. hertugen av Marlborough, 5. jarlen av Sunderland (22. november 1706–20. oktober 1758) var ein britisk politikar på 1700-talet.
Han var den andre sonen til Charles Spencer av Sunderland og Lady Anne Churchill, den andre dottera til John Churchill av Marlborough.
Charles arva Sunderland-tittelen frå den eldste broren i 1729 og vart den femte jarlen av Sunderland. Så arva han Marlborough-tittelen frå tanta, Henrietta, 2. hertuginne av Marlborough i 1733.
Han leia ein britisk styrke i Europa i starten av sjuårskrigen, men døydde i 1758 og overlet kommandoen til John Manners av Granby.
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Charles Spencer, 3rd Duke of Marlborough» frå Wikipedia på engelsk, den 8. november 2009.
