Charles Town-toktet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Town-felttoget
Del av Dronning Anne-krigen
CarolinaToFloridaCoast1733.jpg
Detalj frå eit kart frå 1733 som syner den nordamerikanske kystlinja mellom Charles Town og St. Augustine
Dato September 1706
Stad dagens Charleston i Sør-Carolina
Resultat Engelsk siger
Partar
Flagget til Spania Spania
Royal Standard of the King of France.svg Frankrike
Flagget til EnglandDen engelske provinsen Carolina
Kommandantar
Jacques Lefebvre
Estevan de Berroa
Louis Pasquereau #
General Arbousset #
Nathaniel Johnson
William Rhett
Styrkar
seks sjørøvarskip
330 franske og spanske soldatar
200 spanske frivillige
50 indianarar
ukjend, om lag 900 provinsmilitssoldatar[1]
Tap
eitt skip kapra
42 drepne
over 350 tekne til fange
ukjend

Charles Town-toktet (september 1706) var eit fransk-spansk forsøk under kaptein Jacques Fefebvre på å ta hovudstaden i den engelske provinsen Carolina, Charles Town under Dronning Anne-krigen (som var den nordamerikanske delen av den spanske arvefølgjekrigen).

Det vart hovudsakleg organisert og betalt for av franskmennene og starta frå Havanna i Cuba og ekspedisjonen nådde Charles Town tidleg i september 1706 etter å ha gjort eit stopp i St. Augustine for å hente forsterkingar. Eit kort møte med ein sjørøvar gjorde at «Brilliant», eit av dei seks skipa i toktet, kom bort frå dei andre. Soldatane gjekk i land nær Charles Town og vart raskt driven bort av ein milits sendt ut av guvernør Nathaniel Johnson då meldingane kom om at flåten var på veg til området. Ein improvisert flotilje kommandert av oberst William Rhett klarte å kapre «Brillant», som nådde fram etter dei fem andre skipa alt hadde segla bort i nederlag.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Simms, s. 81

Koordinatar: 32°45′ N 79°58′ W