Charles Trenet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Charles Trenet i 1977.

Charles Trenet (18. mai 191319. februar 2001) var ein fransk visesongar og komponist. Han er eitt av dei store namna innanfor chansonsjangeren, der han skilde seg ut ved å berre framføra sjølvskrivne songar. Trenet er opphavsmannen til fleire hundre songar, der «Boum!», «La Mer», «Y'a d'la joie», «Que reste-t-il de nos amours?», «Ménilmontant» og «Douce France» er dei best kjende.

Liv og karriere[endre | endre wikiteksten]

Trenet var fødd i Narbonne i Aude i den sørfranske regionen Languedoc-Roussillon som son av Marie-Louise og notaren Lucien Trenet. Foreldra skilde seg då han var sju, og i oppveksten flytta han mellom mora i Narbonne og faren som budde i Perpignan. Han var òg ei tid på kostskule i Béziers, men likte det dårleg og blei seinare dagelev. Under konvalesensen frå tyfoidfeber tok Trenet til å dyrka dei kunstnariske talenta sine, både musikk, måleri og skulptur. Han blei inspirert av amerikansk swing og jazz i tillegg til fransk musikk.

I 1928 flytta han til Berlin, der mora budde med sin nye ektemann, filmskaparen Benno Vigny. Han gjekk på kunstskule og møtte framståande tyske kunstnarar som var venner av stefaren, som Kurt Weill og Fritz Lang. Som sekstenåring flytta han tilbake til Frankrike og prøvde seg innan fleire kunstfelt: Som målar, forfattar (romanen Dodo Manières kom ut i 1939). På 1930-talet flytta han frå Sør-Frankrike til Paris. I 1933 danna han ein duo, «Charles et Johny», med vennen Johnny Hess, ein sveitsisk pianist han hadde møtt året før på ein jazzklubb. Dei song ved det kjende teatret Le Palace og kabareten Le Fiacre. Charles Trenet opptrådde også åleine, og fekk tilnamnet «le Fou Chantant», 'den galne songaren'. Frå 1938 satsa han heilt på ei solokarriere.

Det var frå 1930- til 1950-talet Trenet hadde den største suksessen sin, sjølv om han fortsette å synga til 1990-talet. For songne «Boum !» frå 1938 fekk han musikkprisen Grand Prix du Disque. Under andre verdskrigen blei han mobilisert til militæret, og feilaktig rapportert død i media. Han arbeidde mykje med film under denne perioden, og spelte inn seks filmar, mellom dei Adieu Léonard, regissert av Pierre Prévert som skreiv manus saman med broren Jacques Prévert.

Trenet song i Paris under den nazistiske okkupasjonen, og samarbeidde dermed med okkupasjonsmakta. På den andre sida skreiv og framførte han noko undergravande songar som «Espoir» ('Håp') og «Douce France», om eit Frankrike ein elskar «i glede eller smerte» («dans la joie ou la douleur»). Han fekk vanskar med Gestapo og skulda for å vera jøde, og fekk først slutt på forfølgingane etter å ha dokumentert si ikkje-jødiske avstamming. Etter frigjeringa blei han granska av ein reinskingskommisjon, men frifunnen for samarbeid.

I 1945-1947 reiste Trenet rundt i Amerika og heldt konsertar over heile verdsdelen. I åra som følgde fortsette han å hald konsertar og skriva songar. I 1954 vende han tilbake til Frankrike. Av songar han skreiv på 1950-talet kan nemnast «La Folle Complainte», «Moi, j'aime le music-hall» og «L'âme des poètes».

På 1960-talet opplevde Trenet at musikkstilen hans fall ut av smak, og å bli arrestert for eit homoseksuelt tilhøve til to tjueåringar (den seksuelle lågalderen for homofili var då 21 år). Han sat i varetekt i 28 dagar og blei dømd til eitt år i fengsel og ein bot på 10 000 franc, men frikjend under ankesaken. Hendinga gjekk sterkt inn på han, og førte til at han blei kjend som homofil, noko han inntil då hadde halde skjult.

Trenet heldt ein avskjedskonsert ved L’Olympia i 1975, men kom tilbake til rampelyset i 1983, under festivalen «Juste pour rire» i Montréal, og forlét det ikkje igjen. I 1993, som åttiåring, heldt han ei jubileumførestillling ved Opéra Bastille med mellom anna president François Mitterrand som publikum. I 1999 blei han vald til medlem av Académie des beaux-arts. I mars det året spelte han inn sin siste song, «Les poètes descendent dans la rue», og i november heldt han sin siste konsert, i Salle Pleyel der han song sitjande. Charles Trenet trekte seg så tilbake og døydde i Créteil utenfor Paris i 2001.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Fleire av songane til Trenet er blitt framførte av andre kjende franske songarar, som Maurice Chevalier, Jean Sablon og Fréhel. Sin største suksess fekk han med «La Mer» frå 1946, som er blitt innspelt i over 400 ulike versjonar, også på engelsk som «Beyond the Sea» av mellom anna Bobby Darin og George Benson.

Songane hans, særleg «La Mer», er blitt brukt i flire filmar, som i Bernardo Bertolucci sine Innocents - The Dreamers og The Sheltering Sky/Il tè nel deserto, i Mr. Bean's Holiday og Finding Nemo. Ein finn dei også i tv-seriar som Simpson og Lost.

Trenet sine songar er også nemnde i fleire franske teikneseriar, som TIntin (Dupont og Dupond syng t.d. «Boum, quand votre moteur fait boum» frå «Boum !» i Tintin au pays de l'or noir) og Asterix (t.d. legionærar som syng «Je chante, je chante, je chante tout en latin, je chante, je suis romain» frå «Je chante» i Astérix Légionnaire).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]