Charles Wheatstone
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Charles Wheatstone | |
Wheatstone, teikna av Samuel Laurence i 1868 |
|
| Fødd | 6. februar 1802 Gloucester i England |
|---|---|
| Død | 19. oktober 1875 (73 år) Paris i Frankrike |
| Bustad | Storbritannia |
| Område | Fysikk |
| Kjend for | Wheatstones bru, Playfair-chiffer, tidlege medverkander til spektroskopi og telegrafi |
Sir Charles Wheatstone (6. februar 1802–19. oktober 1875) var ein britisk fysikar.
Han vart professor ved King's College i London i 1834. Han utførte målingar av tidsforløpet av elektriske utladingar ved hjelp av roterande spegel, og gjorde fleire tekniske oppfinningar. Mest kjend er Wheatstones bru for måling av elektrisk resistans. Han konstruerte òg ein maskin for kryptografi, eit stereoskop, elektriske registreringsapparat for meteorologiske instrument og concertinaen, ein type trekkspel. Saman med W. F. Cooke tok han i 1837 ut patent for elektrisk telegraf og konstruerte 1858 ein hurtigtelegraf med holband. Wheatstone reknast som den praktiske grunnleggjaren av moderne telegrafi.