Charlie Hebdo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlie Hebdo
LandFrankrike
FormatBerlinerformat
Grunnlagd1970
EigararRiss
Redaktør(ar)Charb (12. mai 2009– 7. januar 2015), Philippe Val (5. april 2004– 12. mai 2009), Gébé (1992– 5. april 2004), Gérard Biard
Sjefredaktør(er)Gérard Biard, Georges Wolinski (1970– 1981)
SpråkFransk
Politisk posisjonVenstresida
HovudkvarterParis
ISSN1240-0068, 2711-6786
OCLC421653858
Nettstadhttps://charliehebdo.fr (fransk), https://charliehebdo.fr/en/ (engelsk)

Charlie Hebdo er eit fransk satirisk, rikt illustrert venstreorientert vekeblad som vart skipa i 1970 og kjem ut i Paris. Karikaturteikningar er eit stort og viktig innslag i avisa, som publiserer kritiske og ofte krasse reportasjar og kommentarar på område som gjeld religiøse sekter, ekstreme høgrekrefter, katolisisme, islamisme, jødedom, politikk, kultur og anna. Charlie Hebdo har sine røter fyrst og fremst i eit anna satirisk og tildels kynisk blad, Hara-Kiri, som vart skipa i 1960.

Attentat[endre | endre wikiteksten]

Charlie Hebdo har vore trua og utsett for fysiske åtak, det mest alvorlege 7. januar 2015, då to menn tok seg inn i redaksjonslokala og skaut fleire av dei som var til stades. To polititenestemenn og 10 tilsette vart drepne. I tillegg vart 11 personar skadde, fem av desse kritisk. Mellom anna vart fire av vekeavisas vidgjetne satiriske karikaturteiknarar drepne, Charb, Cabu, Wolinski og Tignous:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Charlie Hebdo