Charlie Miller

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlie Miller
Miller for Gold Coast United i 2010
Personleg informasjon
Fullt namn Charles Miller
Fødselsdato 18. mars 1976 (48 år)
Fødestad Glasgow
Posisjon Midtbanespelar
Ungdomsklubbar
1985–1991 Rangers SABC[1]
1991–1994 Rangers
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1993–1999 Rangers 81 (10)
1999Leicester City (lån) 4 (0)
1999–2000 Watford 14 (0)
2000–2004 Dundee United 118 (17)
2004–2006 SK Brann 52 (14)
2007–2008 Lierse 33 (12)
2008–2009 Brisbane Roar 30 (8)
2009–2010 Gold Coast United 12 (1)
2011 Clyde 5 (0)
Totalt 351 (62)
Landslag
1994–1996 Skottland U21[2] 8 (1)
2001 Skottland 1 (0)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Charles David Copeland Miller, (fødd 18. mars 1976 i Glasgow), best kjent som Charlie Miller, er ein skotsk fotballspelar. Han spelte i den norske eliteserien for Brann.

Miller vart i yngre år rekna blant dei mest talentfulle spelarane i Skottland. Allereie som 17-åring i 1993 debuterte han for storklubben Rangers. Han fekk med seg fire seriemeisterskap der, men han klarde aldri å etablera seg hundre prosent på laget. Han vart mellom anna kritisert for at hans utanomsportslege livsstil øydela for full satsing på fotball.

Etter korte opphald i dei engelske klubbane Leicester og Watford gjekk turen attende til Skottland og Dundee United i 2000. Der var det tydeleg at han fekk gløden attende. Han fekk òg sin einaste landskamp for Skottland i 2001.

Sommaren 2004 valde Miller å gå til Brann, til tross for at han kunne heldt fram å spela i Dundee United. Men han sleit med å etablera seg på laget, og var innbytar då Brann vann cupfinalen same år.

I 2005-sesongen spelte Miller stort sett fast på Brann, og vart ein av Brann sine store profilar, til trass for at han vart flytta rundt i dei fleste offensive posisjonane på banen. I 2006-sesongen spelte Miller stort sett på høgrekanten på Brann sin midtbane, sjølv om han har gitt uttrykk for at han helst vil ha andre roller i laget.

Etter at 2006-sesongen var slutt vart det klart at Miller var ferdig i klubben, og han har fleire gonger sjølv gitt uttrykk for at han ynskjer å avslutta karrieren heime i Skottland.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «SABC continue to create stars for the future». Youth Football Scotland. 6 November 2013. Arkivert frå originalen 19. september 2020. Henta 9 December 2017. 
  2. «Scotland U21 profile». Fitbastats.com. Henta 9 December 2017.