Charlotte Dujardin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dujardin på Valegro under OL 2012

Charlotte Dujardin (fødd 13. juli 1985) er ein britisk ryttar som vann to gullmedaljar i dressurriding under sommar-OL 2012 i London.

Charlotte Dujardin vann den individuelle konkurransen i dressur under sommar-OL 2012 med hesten «Valegro». Ho sette ny olympisk rekord i delkonkurransen Grand Prix med ein skår på 83,663 prosent og i Grand Prix Special med 83,286 prosent. Ho vann den siste konkurransen Grand Prix kür med 90,089 prosent.

Dujardin var også med på det britiske laget som vann i lagkonkurransen i dressur framfor Tyskland og Nederland. Deltakarane på det britiske laget var Dujardin på «Valegro», Laura Bechtolsheimer på «Minstral Hojris» og Carl Hester på «Uthopia».

OL-medaljar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • (en) Charlotte Dujardin – Profil og resultatoversikt i olympiske konkurransar på sports-reference.com.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]