Charlottenberg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 59°53′00″N 12°17′00″E

Charlottenberg er ein svensk tettstad og administrasjonssenter i Eda kommun i Värmlands län. Charlottenberg ligg vest i landskapet Värmland, 6 kilometer frå grensa til Noreg.

Namnet kjem av Charlotta Larsson, hustrua til Lars Daniel Larsson. Han grunnla eit jernverk der i 1827.[1]

Charlottenberg har òg ein jernbanestasjon som ligg på Värmlandsbanan. Både toga mellom Stockholm og Oslo og toga mellom Karlstad–Oslo stoppar i Charlottenberg. Grensehandelen er viktig for Charlottenberg sidan prisane på norsk side er monaleg høgare på mange varer, derimellom mat og alkoholhaldige drikevarar. I løpet av det første tiåret på 2000-talet har det blitt bygd eit større kjøpesenter, Charlottenbergs Shoppingcenter, med Systembolag for å dekke etterspurnaden frå nordmenn.

Sjåverde[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

Folketalsutviklinga i Charlottenberg 1960-2010[2]
År Innb. Areal
1960
  
1 680
1965
  
1 767
1970
  
1 942
1975
  
2 077
1980
  
2 062
1990
  
2 273 246
1995
  
2 099 247
2000
  
1 994 252
2005
  
2 048 252
2010
  
2 215 259

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Charlottenberg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]