Charlottetown
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Charlottetown er ein by i Canada, og er hovudstad i den kanadiske provinsen Prince Edward Island. Byen har 32 175 innbyggarar (2006). Med kringliggande busetnad har byområdet 58 625 innbyggarar, noko under halvparten av provinsens samla innbyggartal på 135 851.
I byen ligg Charlottetown varmekraftverk på 112 MW med diesel som brensel. Det er det største kraftverket i provinsen og blit nytta som topplast og når elektrisitetstilførsla frå fastlandet fell ut.