Charolles

Koordinatar: 46°26′N 04°17′E / 46.433°N 4.283°E / 46.433; 4.283
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Charolles
Byvåpenet til Charolles
Byvåpenet til Charolles
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Bourgogne-Franche-Comté
Saône-et-Loire
Geografi
Flatevidd 19,98 km²
Flatevidd
 - By

19,92 km²
Innbyggjarar
 - By (1999)
   - folketettleik

3 048
  153/km²
Koordinatar 46°26′N 04°17′E / 46.433°N 4.283°E / 46.433; 4.283
Høgd over havet 327 m
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
UTC+2 (UTC)
Diverse anna
Postnummer 71120
Heimeside: www.autun.com

Charolles er ein liten by og kommune aust i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) i departementet Saône-et-Loire i regionen Bourgogne-Franche-Comté og har om lag 3 000 innbyggjarar.

Charolles ligg der elvane Semence og Arconce renn i hop, 60 km nordvest for Mâcon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Charolles var hovudstad i Charolais, ein gamal inndeling av Frankrike, som frå 1300-talet vart eit grevskap. I 1327 gjekk grevskapet via giftarmål til Hertugen av Armagnac, og i 1390 vart det seld til Filip av Burgund. Etter Karl den modige, som i sin ungdom hadde tittelen hertug av Charolais, vart han teken av Louis XI av Frankrike, men i 1493 vart han avstått av Karl VIII til Maximilian I av Austerrike, som representerte Burgundfamilien. Etter kvart gjekk byen vidare til dei spanske kongane, og lenge var det strid om byen mellom Frankrike og Spania, før han i 1684 vart overlatt til Louis II de Bourbon, ein kreditor for den spanske kongen. Byen kom til slutt inn under den franske krona i 1771.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Charolles