Marc-Antoine Charpentier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Charpentier)
Marc-Antoine Charpentier

Gravering frå Almanach Royal frå 1682.
Fødd1643
Fødestadnær Paris i Frankrike
Død24. februar 1704 (61 år)
DødsstadSainte-Chapelle i Paris
OpphavKongedømet Frankrike
PeriodeBarokken
Aktiv1670-1702
SjangerKormusikk, kammermusikk
Stemmetypekontratenor
Verka somKomponist

Marc-Antoine Charpentier (164324. februar 1704) var ein fransk komponist frå barokken. Det mest kjende verket hans er Te Deum, som startar med eit preludium som er særs kjend. Det er kjenningsmelodien til Den europeiske kringkastingsunionen der det vert nytta som kjenningsmelodi i program som Nyårskonserten i Wien og Eurovision Song Contest.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Ein kjenner ikkje til mange detaljar frå det tidlege livet hans. Han reiste til Italia, der han lærte mykje av å studere musikken til italienske komponistar. Han studerte med komponisten Giacomo Carissimi i mange år.

Då han kom attende til Frankrike fekk han jobb som musikar for hertuginna av Guise, som var ei rik kvinne med fleire tilsette musikarar. Han arbeidde for henne i mange år, både som songar (han hadde ei høg tenorstemme i Frankrike kalla «haute-contre») og som komponist. Då den store skodespelforfattaren Molière slutta å arbeide med Lully bad han Charpentier om å arbeide med seg. Han skreiv musikk for fleire skodespel av Molière, mellom anna Le malade imaginaire. Etter Molière døydde i 1673, heldt Charpentier fram å skrive for andre forfattarar som Thomas Corneille og Jean Donneau de Visé. Han nytta ofte fleire musikarar enn han hadde løyve til (berre Lully, komponisten til kongen, hadde løyve til å bruke mange musikarar i framføringane sine). Til slutt gav Charpentier seg med å skrive for skodespel.

I 1679 vart Charpentier invitert til å komponere for sonen til kongen, Dauphin. Dauphin hadde eit privat kapell og Charpentier skreiv kyrkjemusikk for han. I 1683 fekk han kongeleg løn. I april dette året vart han særs sjuk og kunne ikkje arbeide i ein periode.

Frå seint 1687 til tidleg 1698 var Charpentier maître de musique for jesuittane. Han slutt snart å komponere store verk som oratorium og konsentrerte seg om mindre verk for kyrkjeleg liturgi som stundom kravde mange musikarar. Han var òg musikklærar for hertugen av Chartres.

I 1698 vart han maître de musique ved Sainte-Chapelle i Paris. Dette var ein av dei fremste musikkstillingane i Frankrike (den einaste som var høgare innan kyrkjemusikk var leiar for kongekapellet i Versailles). Han hadde denne jobben fram til han døydde i 1704. Etter han døydde vart nesten alle verka han skreiv for kapellet øydelagde. Dette var ein vanleg prosedyre når ein maître de musique døydde. Den kjende messa Assumpta Est Marie har overlevd, kanskje fordi det ikkje vart komponert for kapellet.

Musikk[endre | endre wikiteksten]

Charpentier skriv oratorium, messer, operaar og mange mindre verk. Han skreiv òg mykje dramatisk musikk. Mange av dei mindre verka hans for ein eller to stemmer og instrument, kalla han air sérieux eller air à boire når dei var på fransk, men kantate når dei var på italiensk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Marc-Antoine Charpentier