Charta 08

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Protestar i Hongkong mot arrestasjonen av Liu Xiaobo.

Charta 08 (kinesisk: 零八宪章; pinyin: Língbā Xiànzhāng) er eit politisk manifest for politisk reform i Folkerepublikken Kina som har blitt underteikna av 303 kinesiske tenestemenner, juristar og intellektuelle. Det blei offentleggjort den 10. desember 2008, som er den internasjonale dagen for menneskerettar. Manifestet var inspirert av den tsjekkoslovakiske politiske manifestet Charta 77. Ein måned etter den datoen hadde talet på underskrivande kinesiske aktivistar auka til kring 7000. Dei kinesiske styresmaktene har gått hardt fram mot fleire av underteiknarane, til dømes Liu Xiaobo, som i 2009 fekk ei fengselsstraff på elleve år.

Krava som er framsette i Charta 08[endre | endre wikiteksten]

  1. Ei ny statsforfatning.
  2. Maktdeling.
  3. Demokratisk lovgjveving.
  4. Uavhengig rettsvesen.
  5. Kontroll med embetsverket frå ålmenta.
  6. Respekt for menneskerettane.
  7. Val av regjeringsmedlemene.
  8. Jamstilling mellom by og land.
  9. Foreiningsfridom.
  10. Forsamlingsfridom.
  11. Ytringsfridom.
  12. Religionsfridom
  13. Statsborgarleg undervisning.
  14. Vern av privat eigedom.
  15. Finans- og skattereform.
  16. Sosialtrygding.
  17. Miljøvern.
  18. Ein føderativ republikk.
  19. Ein sanningskommisjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource

Teksten til Charta 08 ved Wikisource.